Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Kulturskulen 2021 - 2022

Neste skuleårs tilbod er klart!

Einskildundervisning

  • Gitar
  • Bassgitar
  • Gitar og vokal
  • Piano
  • Song
  • Messinginstrument
  • Slagverk
  • Låtskriving

 

Gruppeundervisning

 

  • Dans
  • Teater
  • Forkurs til instrumentalopplæring ( passer for 6-7 åringar )
  • Musikkleik  ( førskulebarn )
  • Aspirantopplæring korps

 

Undervisningstilbod i andre fag kan komma til andre tider på året.

Søknadar vert handsama fortløpande.

Søknadsskjema finn du under "skjema" på høgre side; eller ved å skrolla ned på mobil.

Kulturskulen følger skuleåret og skuleruta. Oppstart vert midt i august.

 

Gitarundervisning

På gitarundervisninga lærer du akkordar, fingerspel, plekterspel, improvisasjon melodi mm. Kanskje du finn ut at du likar å synge mens du spelar? Kvar elev har sin veg å gå, og denne finn me i lag på timen.

Bassundervisning

På desse timane har me som mål at eleven skal  bli ein stødig bassist, med god oversikt over gitarhalsen som forstår rolla si i samspel. 

Låtskriving

Syslar du litt med å skrive songar på gitaren og kunne tenke deg å jobbe meir med dette? På «Låtskriving» kan du få hjelp til å utforme ideane dine frå intro til outro. Me kan mellom anna sjå på tekst, harmonikk (bruk av akkordar) melodi og form. 

På slutten av semesteret vil eleven få tilbod om å gjere innspeling i Knyst Studio, av ting me har jobba med i timen.

Gitar og vokal

Å få til å synge mens du spelar gitar, er eit fint mål å jobbe mot. Om du fyrst og fremst syng, eller fyrst og fremst er ein som spelar gitar, er begge deler gode utgangspunkt å ha med på timen. Formidling og balanse mellom instrument og vokal, er viktige stikkord her.  På slutten av semesteret vil eleven få tilbod om å gjere innspeling i Knyst Studio, av ting me har jobba med i timen

Teater

Undervisninga i dette faget vil føregå i bolkar/prosjekt. Ein tek sikte på små framsyningar i starten, med større tverrfaglege framsyningar etterkvart. Inne i faget ligg det ulike formar for undervisning som naturleg kjem inn under faget drama/teater.

Timeplan for prosjekta blir sett opp når ein ser gruppestorleik,alderspenn, og antall deltakarar.

Ein må pårekna at dei ulike prosjekta vert komprimert med doble timar,slik at det vert litt kortare semester,men samme tidsramme totalt som anna undervisning i kulturskulen.

Truleg vert undervisninga delt inn i to eller tre aldersgrupperingar. 

Piano

I faget piano får eleven teknisk og musikalske utfordringar utfrå alder/ønskje og nivå. Eleven lærer å spele etter noter, men det er og høve til å jobbe med besifring.

Nokre elevar veljer å lære ulike typar tangentinstrument, og det er høve til å få undervisning på orgel, og keyboard ettervart.

Eleven må ha høveleg instrument heime.

Messinginstrument

I messingundervisning får eleven høve til å utlvikla sitt tekniske,og musikalske nivå på mange typar messinginstrument:

Kornett, Trompet, Althorn, Baritone, Eufonium, Trombone, og Tuba.

Det vert og høve til fellestimar med ensemblespel ved mange nok elevar i faget.

Song

Eleven får utvikla stemmebruk, og øver på songar i ulike stilartar. Lærar komper eleven på piano.

Det vert og høve til duettsong, og fellestimar der elevane kan syngja fleirstemt.

Slagverk

Undervisning vert gitt utfrå kva eleven ønsker av kunnskap i dei fleste instrumenta innafor slagverksfeltet.

Ein har som oftast trommeteknikk som basis, og mange veljer å læra seg å spela trommesett. Innføring i melodisk slagverk vert

og med i faget for dei som ønsker det. Det vert høve til fellestimar, der ein nyttar mange ulike instrument i samspel. 

Forkurs til insturmentalundervisning

Dette faget passar for dei yngste elevane, og kan vera eit tilbod ein nyttar før ein startar på eit instrument, eller samstundes med oppstart som nybyrgjar.

Innhaldet i faget er ei blanding av ulike formar for tilnærming til å lære notar, rytme,og musikkforståing.

Det vert mykje leik, og samhandling i ulike aktivitetar.

Musikkleik

Tilbodet er for barn i alderen 4 - 6 år, og tar for seg ulike aktivitetar innafor musikk, song og samhandling.

Aspirantundervisning til korps

Undervisning i gruppe der ein lære å spele eit messinginstrument,med tanke på å starte i korps året etter.

Dans

Tilbod om undevisning i dans vert i utgangspunktet slik:

5 - 8 år   Barneballett

8 - 16 år Musikaldans

Det vert sett opp ulike grupper utfrå alder på søkjarane.

Når dansepedagog er tilsett vil ein utvikla tilbodet i faget etterkvart.

Undervisninga vert i grupper med frammøte ein gong i veka + framsyningar/seminar o.l.

Kontakt oss

Kulturskule

Tlf: 46 81 56 97

Epost: yngve.nikolaisen@tysnesoppvekst.no

Adresse : Tysnes kulturskule,
Tysnes skule, Postboks 79, 5696 Tysnes

Lenkjer