Trygde- og omsorgsbustader

Tysnes kommune har i alt åtte trygdebustader; fire bustader i Vågsmarka og fire bustader på Myklestad i tilknyting til Tysnes sjukeheim. Kvar bustad utgjer ca. 60 m2 buareal  og inneheld stove m/kjøkkenløysing, eit soverom og bad samt bodplass.

Omsorgsbustader

I kommunen er det og i alt 32 omsorgsbustader bygd i dei ulike bygdelaga.

I Vågsmarka byggjefelt ligg fem bustader bygd i rekke.

I Peralio med utsikt over Bjørnefjorden er det bygd åtte bustader med fellesareal.

Her ligg også det privat drivne Tysnes Trygdepensjonat som også har bustader til utleige.

I Uggdal ligg fire omsorgsbustader og fem bustader med fellesareal i 2. høgda i sjukeheimen.

Omsorgsbustadene inneheld stove m/kjøkkenløysing, eit soverom og bodplass, samt felles stove/aktivitetsrom. Bustadene som er bygd i institusjonsbygga har mindre areal enn dei frittståande.

Alle omsorgsbustadene er av nyare dato, bygd i perioden 1995 - 2002

Servicebustader/bustader for psykisk utviklingshemma

I Tysnes kommune har me to bufelleskap for psykisk utviklingshemma; fem bustader i Haugen bufelleskap og seks bustader ligg i Vågsmarka bufelleskap. Ved desse bustadene er det heildøgns bemanning som kan yta service til bebuarane.

Søknadskjema til trygde/omsorgsbustader sender du til kundetorget i rådhuset. Bustader blir administrert av pleie- og omsorg.

Husleige følgjer Tysnes kommune sine fastsette satsar og blir regulert kvart år.

Priser

Leigekontraktar frå og med 01.01.24 vert sett til gjengs husleige.

Husleigekontraktar inngått før 01.01.2024 regulerast ved årleg prisjustering, med omsyn reglane for husleigeregulering i husleieloven.

Husleige inkl. vass-, renovasjons- og feieavgift, eks. straum (unntak for omsorgssbustader Tysnes omsorgssenter, sjå under)

Fellesutgifter omsorgssbustader Tysnes omsorgssenter: 541.- per. månad
 

Gjengs husleige: 7.281.- per. månad.

 

Fellesutgifter kr 541,- pr. mnd.

Satsane følgjer til einkvar tid gjeldande statleg sats.

Korttidsopphald p.t. kr 193,- pr. døgn.

Dag- og nattopphald p.t. kr 110,- pr. dag/natt.

 

Eigenbetaling etter vederlagsforskrifta, i tillegg breiband til TV, internett m.m.

kr 168,- per månad.

 

Abonnementspris kr 362,- pr. månad.

 

Tenester til bebuarar på institusjon: sjølvkost

Frisør og fotpleie: sjølvkost

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?