Uggdal skule
Logg inn i Visma føresettportal på nett eller last ned appen Visma flyt skole for vekesplaner, dialog og samhandling med skulen.
Uggdal skule er ein barneskule med elevar på 1.-4.trinn, og me er rundt 110 elevar og 25 tilsette.
På Uggdal skule arbeider me for å skapa eit trygt, inkluderande og motiverande skulemiljø, der alle viser omsorg, ansvar og respekt for kvarandre og får oppleve meistring. Me har flotte naturområder rundt oss som vert nytta til leik og læring i skule- og SFO-tida, og både inne og ute skal det vera rom for alle.
Skuledagen byrjar klokka 08:10
1. og 2. klasse sluttar skuledagen klokka 12:10 måndag, onsdag og fredag, og klokka 13:40 tysdag og torsdag.
3. og 4. klasse sluttar skuledagen klokka 13:40 måndag, tysdag og torsdag, og klokka 12:10 onsdag og fredag.
Priser
SFO 2025
5 dagar: kr 3310
4 dagar: kr 2835
3 dagar: kr 2360
Heil veke ved skulefri: kr 1410 + 20 kr. for smørje-/varmlunsj.
Søskenrebatt
SFO har søskenmoderasjonsordning med 50% rabatt frå barn nr. 2.
Det er ikkje søskenrabatt dersom barn nr. 1 har gratis SFO (sjå under)
Gratis opphaldstid for 1. - 3. klassingar
Frå hausten 2024 har alle 1. - 3. klassingar 2 dagar gratis opphald i SFO.
Søskenrabatt og gratis opphaldstid skal vert trekt frå på den månadlege fakturaen.
Relatert informasjon
Sist oppdatert