Onarheim skule

Logg inn i Visma føresettportal på nett  eller last ned appen Visma flyt skole for vekesplaner, dialog og samhandling med skulen.

Onarheim er ein barneskule for heile Onarheim sokn som strekkjer seg frå Hodnanes til Nymark.

Skulen har kring 30 elevar fordelt på 1.- 7. klasse.

Skulen har SFO tilbod alle dagane i veka. Tilbodet føl skuleruta.

Skulen vart bygd i 1957 og er bygd på og rehabilitert sidan då. I 1975 med gymnastikk-, formings- og administrasjonsavdeling. Hausten 1998 vart det teke i bruk eit nytt tilbygg med to klasserom. Skuleåret 2010/11 var skulen gjennom ei rehabilitering som mellom anna omfatta installering av ventilasjonsanlegg i heile bygningen.

Onarheim skule har delt bygning med Onarheim barnehage, men hausten 2024 flyttar barnehagen inn i eige nybygg. Skulen disponerer dei gamle lokala til barnehagen til eigen SFO-avdeling.

Onarheim skule har fem klasserom, formingsavdeling, gymsal, bibliotek, skulekjøken, grupperom og tilrettelagte arbeidstilhøve for dei tilsette.

Priser

 

5 dagar: kr 3310

4 dagar: kr 2835

3 dagar: kr 2360

Heil veke ved skulefri: kr 1410 + 20 kr. for smørje-/varmlunsj.

 

Søskenrebatt

SFO har søskenmoderasjonsordning med 50% rabatt frå barn nr. 2.

Det er ikkje søskenrabatt dersom barn nr. 1 har gratis SFO (sjå under)

 

Gratis opphaldstid for 1. - 3. klassingar

Frå hausten 2024 har alle 1. - 3. klassingar 2 dagar gratis opphald i SFO.

 

Søskenrabatt og gratis opphaldstid skal vert trekt frå på den månadlege fakturaen.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?