Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Målgruppa til PPT er born, ungdom og elevar som ikkje får tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det almennpedagogiske tilbodet i barnehagen.
Tysnes kommune har pp-teneste i lag med Stord og Fitjar.
Du finn informasjon om tenesta på Stord kommune Lenke til et annet nettsted. si heimesida.
Tenesteomtale
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal gjere ei fagleg vurdering - ei såkalla sakkunnig vurdering. Vurderinga skal vise om barnet treng spesialpedagogisk hjelp og vil foreslå eit tilbod for barnet, foreldra eller barnehagen.
Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part.
PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:
- Søknad om tidleg eller utsett skulestart
- Spesialpedagogisk hjelp
- Spesialundervisning
- Fritak frå opplæring
- Punktskriftopplæring
- Teiknspråkopplæring
- Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
- Inntak til særskilt utdanningsprogram i vidaregåande
- Utvida opplæringstid i vidaregåande skule
Målgruppe
Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Kva gjer PP-tenesta?
Sjå rettleiiar frå Udir om PPT sine oppgåver Lenke til et annet nettsted.
Lover
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Sjå:
Barnehagelova, § 31 - Rett til spesialpedagogisk hjelp Lenke til et annet nettsted.
Opplæringslova § 5-6 - Pedagogisk-psykologisk teneste Lenke til et annet nettsted.
Forskrift til opplæringslova, kapittel 5 Klage på vurdering
Forskrift til opplæringslova Lenke til et annet nettsted.
Barnehageloven Lenke til et annet nettsted.
Opplæringslova Lenke til et annet nettsted.
Korleis søkje
Barn/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon.
Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.
Sakshandsaming
Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.
Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Sist oppdatert