Dagsturhytta - Miklastofa

Dagsturhytta ligg ved Kyrkjevatnet, med utsikt utover vatnet og til Uggdal kyrkje på andre sida. Miklastofa vart opna i mai 2022.

Slik finn du fram

Det er om lag 600 meter å gå frå parkeringsplassen ved Uggdalseidet til dagsturhytta, på universelt tilrettelagt turveg. Turen tek omlag 10-15 minuttar i rolig tempo.

Frå parkeringsplassen i enden av Heningen er det 700 meter å gå på kupert turveg.

Det er også høve til å gå rundt Kyrkjevatnet, deler av turen er på turveg i skogen og deler på fortau langs fylkesveg 49. Turen rundt Kyrkjevatnet egner seg også for sykkel.

Sjå kart over området og vegen til dagsturhytta Lenke til et annet nettsted.

Universell utforming

Hytta ved Kyrkjevatnet skal vere eit turmål som alle kan klare å nå. Hytta tilrettelagt for menneske med funksjonsnedsetjing. Området rundt hytta og turvegen rundt Kyrkjevatnet er universelt utforma. Ved badeplass er det baderampe for enkel tilkomst til vatnet.

Området

I område er det tilrettelagt med toalett og badebrygge.

I nærleiken finn ein også sjøbadeplassen Kjevikjo og turstiar i Myklestadskogen.

Fiskekort

Fiskekort kan kjøpast ved Joker Uggdal om ein ønskjer å fiske ved vatnet.

I hytta

Vedfyring

Dagsturhytta har ein vedomn for oppvarming. Besøkjande må sjølv ta med ved.

Turbibliotek

Hytta har eit nynorsk turbibliotek. Det skal stimulere til lesing, fremje nynorsk litteratur spesielt. Tysnes folkebibliotek har ansvar for turbiblioteket.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?