BUA Tysnes
Gratis utlån av sports- og fritidsutstyr
BUA Tysnes er eit tilbod for store og små der ein kan låna sports- og friluftsutstyr heilt gratis.
Oversikt over utstyr du kan låne frå BUA Tysnes Lenke til et annet nettsted.
Alle som ønskjer å låna utstyr må registrera seg i utlånssystemet med namn, telefonnummer og e-post. Lag din eigen låneprofil. Dei som er under 18 år må registrera seg som medlånetakar via ein vaksenperson. Du kan få hjelp til dette i BUA.
Her finn du BUA Tysnes
BUA held til i Tysneshallen.
Adressa er Amundstølen 3.
Opningstider
Tysdag og torsdag 14:00 - 16:00
Kontaktinformasjon
Telefon: 90 22 90 99
E-post: buatysnes@outlook.com
Sist oppdatert
Fant du det du var på jakt etter?
Tysnes kommune