Tysnes omsorgssenter - institusjonsplass
Tysnes omsorgssenter er ein offentlig institusjon for for eldre og funksjonshemma, som vert nytta til korttids- rehabilitering- og langtidsopphald for personar som treng opphald i institusjon for kortare eller lengre periodar.
Søknadsskjema for plass i institusjon Pdf, 60 kB, åpnes i nytt vindu. vert å senda skriftleg til pleie- og omsorgsavdelinga.
Tilbod
30 institusjonsplassar, herav 5 plassar til korttidsopphald og rehabilitering.
- omsorgssenteret har eigen avdeling for demente,
- korttids- og rehabiliteringsplassar og
- dagsenter for eldre
Eigenbetaling
Det er eigne forskrifter om betaling for opphald i institusjon som avgjer kva du skal betala for opphaldet - sjå informasjon lengre ned på sida.
Søknad om plass
Søknad vert handsama av Tysnes kommune, pleie- og omsorg, inntaksteamet.
Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.
Priser
Andre tenester
Tenester til bebuarar på institusjon: sjølvkost
Frisør og fotpleie: sjølvkost
Transport til / frå Dagsenter
kr 29,- pr. tur
Korttidsopphald og dagopphald i institusjon
Satsane følgjer til einkvar tid gjeldande statleg sats.
Korttidsopphald p.t. kr 193,- pr. døgn.
Dag- og nattopphald p.t. kr 110,- pr. dag/natt.
Langtidsopphald
Eigenbetaling etter vederlagsforskrifta, i tillegg breiband til TV, internett m.m.
kr 168,- per månad.
Tryggleiksalarm
Abonnementspris kr 362,- pr. månad.
Relatert informasjon
Sist oppdatert