Bål og bråtebrenning

Frå 15. april til 15. september er det bålforbod. I denne perioden er hovudregelen at du ikkje har lov til å tenna bål eller grill i skog og utmark

Bålforbod

Det er bålforbod frå 15. april til 15. september i skog og utmark. Med utmark siktar ein til all udyrka mark, skog, fjell og strandområde.
Formålet er å unngå skogbrann.
Bålforbodet er eit generelt forbod mot all bruk av open eld, som til dømes:

  •     bål
  •     bålpanne
  •     grill
  •     eingongsgrill

Unntak frå bålforbod

Du har lov til å tenna bål og grilla på godkjende bål- og grillplassar i kommunen.

Elles kan du bruka primus og kokeapparat i perioden med bålforbod. Du er sjølv ansvarleg for å vurdera når det er trygt.

Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunna brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsam bruk.
Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjeld eit generelt forbod.

Hugs at du alltid er ansvarleg når du tenner eld, same kvar du er og når det er.

Kor kan eg brenne bål? Lenke til et annet nettsted.

Brenne hageavfall, ureint trevirke eller bråte

Du kan brenne hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet.

Det er ulovleg å brenne søppel og spesialavfall, som til dømes byggematerialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på gjenvinningsstasjonen. Brot på forureiningslova kan straffast med bøter.

Priser

Prisar og gebyr for:

  • Plansaker
  • Bygge- og delingssaker
  • Kart og oppmåling/matrikkel
  • Renovasjon, Slam og Avløp
  • Landbruk og Vilt
  • Feiing og tilsyn
  • Andre gebyr

Gebyrregulativ 2025.pdf Pdf, 569 kB.

Gebyrregulativ - 2024 Pdf, 858 kB.

 

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?