Vågsmarka barnehage
Vågsmarka barnehage ligg i Vågsmarka boligfelt i Våge.
Barnehagen har omlag 42 plassar og barna er fordelt på to avdelingar, Askeladden og Veslefrikk.
Faste rutinar
Me vaksne i barnehagen er glade i rutinar, struktur og orden. Me trur også at gode rutinar og struktur skaper trygge barn. Derfor har me ein fast rytme for dagen. Kvar føremiddag har me aldersinndelte grupper, Ugler, Hakkespetter og Blåmeisar. Her har me mange kjekke aktivitetar, og me ser at barna kosar seg. Me ser at det også er bra for personalet å jobbe på tvers av avdelingane, og alle i personalet blir kjent med alle barna i barnehagen.
Glade vaksne, glade barn
Dette er tysnesbarnehagane sin felles visjon.
I visjonen ligg det fleire underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen, både i møte med barnehagen og i aktivitetane.
Trygghetssikelen - COS
Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (circle of security), på norsk Trygghetssirkelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.
SU - representanter i Vågsmarka barnehage
Foreldrerepresentantar: Cecilie Bjørnevik og Anna Dorthea Espevik. Vara: Margrete Grødeland Vik og Emilie Sjo Lavik
Kommunerepresentantar: Gjermund Lygre Kongsvik
Barnehagerepresentantar: Pernilla Epland og Ingrid Dalland Raa. Styrar Eldbjørg Knudsen er skrivar i SU
Priser
Foreldrebetaling
Frå 1. januar 2025 gjeld følgande satsar per månad:
100 % plass: kr 1500
80 % plass: kr 1350
60 % plass: kr 1200
Kostpengar kjem i tillegg og utgjer kr 400 per månad for full plass.
Kostpengar
I tillegg kjem det kostpengar. Matprisen er kr 400 for full plass.
Redusert foreldrebetaling
Barnehagebetalinga i Noreg er statleg regulert og vert endra i Tysnes kommune i samsvar med dei statlege reguleringane.
Ordninga skal sikra at foreldre ikkje skal betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Dersom maksprisen er høgare enn 6 % av den samla inntekta i hushaldninga,skal du ha rett på redusert pris. Det vil med andre ord sei at ingen skal betala meir enn 6% av inntekta si til barnehage.
Du kan søka om reduksjon i foreldrebetaling ved å kontakt kommunen. Søknadsskjema finn du i menyen på høgre side.
Dersom husstanden si samla inntekt er under kr 615.590 (frå 01.08.2023) og du har barn som fyller to, tre, fire eller fem år, eller utsett skulestart, kan du søkja om gratis opphaldstid (20 timar per veke) i barnehagen. Søknaden gjeld for barnehageåret og ein må søkja på nytt kvart år.
Vedtaket gjelder frå søknadstidspunktet og ut barnehageåret.
Søkjer du før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut barnehageåret. Dersom du søkjer etter 1. august, gjeld vedtaket frå fyrste heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.
Les meir på Udir sine sider: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/ Lenke til et annet nettsted.
Søskenrabatt
Det vert gjeve søskenmoderasjon. Det vil seia at ein betalar full sats for 1. barnet, får 30 % reduksjon for barn nr. 2, og gratis frå barn nr. 3, 4 osv.
Kostpengane vert ikkje redusert.
Relatert informasjon
Sist oppdatert