Lunde barnehage
Om oss
Lunde barnehage er sentralt plassert i Lunde.
Barnehagen har tre avdelingar og omlag 48 plassar.
Her er me 9 tilsette, pluss styrar.
Barna er fordelt på tre avdelingar, Sønnavind 1-2 år, Nordavind 2-3 år og Vestavind 4-6 år.
Me jobbar kontinuerleg for at alle barn skal oppleve eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, der dei blir møtt av kompetente tilsette som har fokus på kvart enkelt barns utvikling, og gir gode språklege og sosiale ferdigheiter. Barndommen er ein viktig fase i livet, og gjennom tiden i barnehagen blir de godt forberedt til å mestre fortsettelsen.
I Lunde barnehage veit me at barn er avhengig av god og trygg tilknytning til dei vaksne i barnehagen. Personalet i barnehagen er i tillegg til foreldrene viktige omsorgspersonar for det enkelte barnet. Trygge relasjonar visar seg å ha stor innverkning på barnas psykiske helse og legger grunnlaget for vidare emosjonell, sosial og kognitiv utvikling. For at dei vaksne i barnehagen skal kunne etablera trygg tilknytning til barna er dei avhengig av å kunne forstå barnet innenfra (Brantzæg, Torsteinson, Øiestad, 2015). Med vårt arbeid i barnehagen ønsker me å hjelpe og støtte barna i deres utvikling mot å bli trygge, glade og selvstendige barn med tru på seg sjølv. Me er også opptatt av å være mye ute i naturen og lære om naturens ressursar. Me har svært fine turmuligheter som ligger tett på barnehagen som me nyttar opp til fleire dager i veka.
Glade vaksne, glade barn
Dette er tysnesbarnehagane sin felles visjon.
I visjonen ligg det fleire underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen, både i møte med barnehagen og i aktivitetane.
Trygghetssirkelen Cos-P
Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (circle of security), på norsk Trygghetssirkelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.
SU - representanter i Lunde barnehage
Foreldrerepr:
Maria Cecilie Haaland, leiar
Renathe Hagen- Lunde, nestleiar
Lovise Dallan, vara
Ansattrepr:
Sara Elisabeth STue
Liv Bodil Tufta
Marthe Seljeseth Johansen, vara
Priser
Foreldrebetaling
Frå 1. januar 2025 gjeld følgande satsar per månad:
100 % plass: kr 1500
80 % plass: kr 1350
60 % plass: kr 1200
Kostpengar kjem i tillegg og utgjer kr 400 per månad for full plass.
Kostpengar
I tillegg kjem det kostpengar. Matprisen er kr 400 for full plass.
Redusert foreldrebetaling
Barnehagebetalinga i Noreg er statleg regulert og vert endra i Tysnes kommune i samsvar med dei statlege reguleringane.
Ordninga skal sikra at foreldre ikkje skal betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Dersom maksprisen er høgare enn 6 % av den samla inntekta i hushaldninga,skal du ha rett på redusert pris. Det vil med andre ord sei at ingen skal betala meir enn 6% av inntekta si til barnehage.
Du kan søka om reduksjon i foreldrebetaling ved å kontakt kommunen. Søknadsskjema finn du i menyen på høgre side.
Dersom husstanden si samla inntekt er under kr 615.590 (frå 01.08.2023) og du har barn som fyller to, tre, fire eller fem år, eller utsett skulestart, kan du søkja om gratis opphaldstid (20 timar per veke) i barnehagen. Søknaden gjeld for barnehageåret og ein må søkja på nytt kvart år.
Vedtaket gjelder frå søknadstidspunktet og ut barnehageåret.
Søkjer du før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut barnehageåret. Dersom du søkjer etter 1. august, gjeld vedtaket frå fyrste heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.
Les meir på Udir sine sider: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/ Lenke til et annet nettsted.
Søskenrabatt
Det vert gjeve søskenmoderasjon. Det vil seia at ein betalar full sats for 1. barnet, får 30 % reduksjon for barn nr. 2, og gratis frå barn nr. 3, 4 osv.
Kostpengane vert ikkje redusert.
Relatert informasjon
Sist oppdatert