Barnehageplass 2023/2024

Søknad om plass i barnehage for barnehageåret 2023/2024
For barnehageåret 2023/2024 kan du søkje plass 3, 4 eller 5 dagar per veke i Tysnes kommune sine barnehagar.
Søknadsfrist
Søknadane som er registrert innan 01.02.23 vil vera avgjerande for korleis me plannlegg drifta frå hausten.
Opptakskriterier
Søknaden vert handsama ut i frå opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet, og etter gjeldande Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune. Sjå opptaktskriterier under.
Ein tek atterhald om at søknad om differensierte plassar ( 3 eller 4 dagar per veke) må kunne samordnast slik at barnehagen sine ressursar vert nytta på beste måte.
Søknadsskjema
Søknadsskjema finn du her: https://barnehage.visma.no/tysnes Lenke til et annet nettsted.
Søknaden må sendast innan 1. februar 2023
Opptakskriteria
7. OPPTAK - OPPTAKSKRITERIA
- Ved søknad om plass skal det nyttast eige skjema påført nødvendige opplysningar. Opptak blir føreteke ut frå dei opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet. Søknadskjema finn ein her: https://barnehage.visma.no/tysnes
- Det vert føreteke eitt hovudopptak i året, gjeldande frå barnehagestart i august. Søknadsfrist er 1. februar. Søknader som kjem inn etter den tid, vert vurdert etter kvart, dersom det er ledige plassar. Det vert elles sett opp venteliste. Barnehageplassen vert tildelt frå det året ein søkjer, og til han vert sagt opp skriftleg, eller når barnet startar på skulen.
- Svar på søknad om plass i løpet av barnehageåret, skal gjevast seinast tre månader før barnet skal byrja i barnehagen.
- Oppvekstsjefen føretek samordna opptak etter innstilling frå barnehagerettleiar og styrarane. Melding om opptak vert gjeve skriftleg.
- Klage: Det er høve til å klaga på eit vedtak fatta av skulesjefen. Ev. klage må setjast fram skriftleg innan 3 veker
Lenkje til Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune Lenke til et annet nettsted.
Priser
Foreldrebetaling
Frå 1. januar 2025 gjeld følgande satsar per månad:
100 % plass: kr 1500
80 % plass: kr 1350
60 % plass: kr 1200
Kostpengar kjem i tillegg og utgjer kr 400 per månad for full plass.
Kostpengar
I tillegg kjem det kostpengar. Matprisen er kr 400 for full plass.
Redusert foreldrebetaling
Barnehagebetalinga i Noreg er statleg regulert og vert endra i Tysnes kommune i samsvar med dei statlege reguleringane.
Ordninga skal sikra at foreldre ikkje skal betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Dersom maksprisen er høgare enn 6 % av den samla inntekta i hushaldninga,skal du ha rett på redusert pris. Det vil med andre ord sei at ingen skal betala meir enn 6% av inntekta si til barnehage.
Du kan søka om reduksjon i foreldrebetaling ved å kontakt kommunen. Søknadsskjema finn du i menyen på høgre side.
Dersom husstanden si samla inntekt er under kr 615.590 (frå 01.08.2023) og du har barn som fyller to, tre, fire eller fem år, eller utsett skulestart, kan du søkja om gratis opphaldstid (20 timar per veke) i barnehagen. Søknaden gjeld for barnehageåret og ein må søkja på nytt kvart år.
Vedtaket gjelder frå søknadstidspunktet og ut barnehageåret.
Søkjer du før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut barnehageåret. Dersom du søkjer etter 1. august, gjeld vedtaket frå fyrste heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.
Les meir på Udir sine sider: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/ Lenke til et annet nettsted.
Søskenrabatt
Det vert gjeve søskenmoderasjon. Det vil seia at ein betalar full sats for 1. barnet, får 30 % reduksjon for barn nr. 2, og gratis frå barn nr. 3, 4 osv.
Kostpengane vert ikkje redusert.
Relatert informasjon
Sist oppdatert