Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år (studentar).

HFU sine lokaler er å finne i "Triangelbygget" i Våge sentrum, samlokalisert med mellom anna "Treffstaden for ungdom".

Opningstider

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år (studentar). HFU er ein del av helsestasjonstenesta i kommunen.

Opningstida er torsdagar i partalsveker kl. 14.00-17.15.

Her kan du kome med det du ynskjer hjelp til

  • Samtale om det som opptar DEG, t.d fysisk, psykisk og seksuell helse, mat, rus, kjønnsidentitet eller vald/overgrep.
  • Prevensjonsrettleiing og utskriving av prevensjon
  • Innsetting av p-stav
  • Graviditetstest og rettleiing i samband med graviditet
  • Gratis kondomar
  • Sjølvtesting av seksuelt overførbare infeksjonar

Les meir om kva helsestasjon for ungdom (HFU) kan hjelpe deg med. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kven møter du ved helsestasjon for ungdom?

Hjå oss møter du menneske med ulik fagutdanning.

Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar.

Jordmor er sjukepleiar med vidareutdanning i svangerskapsomsorg/gravide og kvinnehelse.

Helsestasjonslegen er tilgjengeleg ein torsdag i månaden, ta gjerne kontakt for dato.

Det er gratis å bruke Helsestasjon for ungdom!

Du bestiller ikkje time, berre kom innom.   

Velkommen!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?