skogtur

Søknadsfristar om midlar og tilskot

No kan de søkje om tilskot til verna kulturminne, leiaropplæringsmidlar og midlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det er også høve til å koma med innspel til kandidatar til kulturprisen 2019. Meir info om korleis ein søkjer og fristar finn ein i artikkelen under. 

SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET 2020

Idrettslag, andelslag og andre samanslutningar kan søke om tilskot innan desse stønadskategoriane:

  • Ordinære anlegg: Normalt tilskot er 1/3 av godkjend kostnad. Turvegar/stigar inntil 50% av godkjent kostnad
  • Nærmiljøanlegg: Tilskot 50% av godkjend kostnad inntil kr 300 000.

Føresegner, informasjonsmateriell, søknadsskjema hentast på følgjande nettstad og alle søknader skal sendast elektronisk sjå: www.anleggsregisteret.no
For eventuelle opplysningar eller spørsmål kontakt: Vibeke Øxnevad Stoltz. E-post: vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no
Mobil: 468 18 589. Søknadsfristen i Tysnes kommune er: 01.11.2019

 

TILSKOT TIL VERNA KULTURMINNE I HORDALAND 2020

Eig du eit verneverdig bygg eller anlegg og har planar om å ta vare på dette kan du søkje om tilskot. Hordaland fylkeskommune gjev stønad til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Det vert ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eige eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.Søknadene skal sendast  gjennom kommunen. Det skal nyttast eige søknadsskjema. Ta kontakt med Vibeke Øxnevad Stoltz før du søkjer: vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no
Søknad sendast til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller post.@tysnes.kommune.no innan 01.11.2019

 

LEIAROPPLÆRINGSMIDLAR 2019

Lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid, idretts- og kulturarbeid kan søke om tilskot til opplæring av leiarar på grunnlag av dokumenterte utgifter i 2019.Skriv ein enkel søknad og legg ved kopi av bilag til kurs-og reiseutgifter for i år. Sendast til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller e-postadresse: post@tysnes.kommune.no Søknadsfrist: 01.11.2019

 

KULTURPRISEN 2019

Det skal delast ut kulturpris for 2019. Prisen vert delt ut til lag eller einskildpersonar som har gjort ein særskilt innsats for kultur- og samfunnslivet i kommunen. Alle har høve til å foreslå kandidater. Framlegg til kandidatar med grunngjeving vert å senda til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller e-postadresse: post@tysnes.kommune.no

Frist: 01.11.2019