Barn i leik med voksen

Søknad om plass i barnehage for barnehageåret 2016/2017

For barnehageåret 2016/2017 har Tysnes kommune ledige plassar i følgjande barnehagar:

ONARHEIM BARNEHAGE
STJERNEREISO BARNEHAGE
VÅGSMARKA BARNEHAGE
LUNDE BARNEHAGE

Det kan søkjast plass 3, 4 eller 5 dagar pr. veke.

Søknader som er registrert pr. 1. februar 2016, vil vera avgjerande for kva driftsmessige endringar som evt. vert føreteke frå hausten av.

For barn som har plass inneverande barnehageår treng ein ikkje søkja på nytt, men det må gjevast melding til barnehagen om ein ønskjer å behalda plassen , evt. endra dagar/redusera/auka tal dagar osb.

Søknaden vert handsama ut i frå dei opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet, og etter gjeldande Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune pkt. 7 OPPTAK – OPPTAKSKRITERIER. Ein tek atterhald om at søknad om differensierte plassar ( 3, 4 d/v) må kunne samordnast slik at barnehagen sine ressursar vert nytta på beste måte.

Søknadsskjema finn ein her

Barnehage – ny plassSøknaden må sendast innan 1. februar  2016.