Det er tre skular i Tysnes kommune. På ungdomssteget er alle samla på Tysnes skule. Her er det to klassar på kvart steg. 

Trykk på lenkja for å komme vidare til kvar skulen sin heimeside.

Uggdal skule ligg i Uggdal og har elevar frå 1. til 4.-trinn.

Tysnes skule ligg i Våge og har elevar frå 5. til 10.- trinn.

Onarheim skule ligg på Onarheim og har elevar frå 1. til 7.-trinn.

Skuleskyss

Fleire av skulane har eit relativt stort opptaksområde og det er mange elevar som treng skuleskyss i kommunen.                                                                    .

Opplæringslova gjev rett til skuleskyss for alle elevane i grunnskulen som har meir enn 4 km skuleveg. For 1. klassingane er grensa sett til 2 km.

I tillegg til dette praktiserer Tysnes kommune å gje fri skuleskyss til elevar i småskulen som har meir enn 3 km skuleveg.