Seglskute

Skilting av kystfarvatn

Frå tid til anna kjem det opp spørsmål om merking av farvatn, dette er gjerne knytt til opp­levde ulemper knytt til at sjøtrafikkantar ikkje viser tilstrekkeleg aktsemd og omsyn.

Kommunen kan søkja Kystverket om høve til å setja opp skilt. Kystverket gjer då ei vurdering på bakgrunn av to tilhøve: 1) Trafikktettleik opp mot farvatn og 2) fare for skade frå kjølvatn bølgjer. Dersom begge desse tilhøva er til stades rår Kystverket til at det heller vert vurdert eiga fartsforskrift.

Skilting av «sakte fart» endrar ikkje rettstilstanden, det er framleis fartsforskrifta § 2 som gjeld, men det kan fungera som ei ekstra påminning.

Ut frå at det følgjer eit vedlikehaldsansvar for slike skilt godtek ikkje Kystverket søknader frå privatpersonar. Deira tilråding er at det vert søkt til kommunen og at kommunen så søkjer til Kystverket.

Tysnes kommune oppmodar om at oppsitjarar, som opplever vesentlege ulemper med høg fart i kystfarvatn, må søkja om skilting av desse farvatna. Tysnes kommune vil då vurdera vidare søknad til Kystverket som skiltmynde. Det vert føresett at aktuelle oppsitjarar seier seg viljuge til å dekka kostnader til framtidig vedlikehald av skilt og elles andre kostnader som følgjer skilting.

Frist for å fremja søknad om skilting vert sett til 15. april 2015.

Søknad vert å senda til Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.