koronavirus

Samla informasjon om tiltak i Tysnes kommune

Det er framleis ikkje registrert koronasmitte på Tysnes.  Målet no er å gjera tiltak for å redusera eksponering for smitte i befolkninga. Situasjonen krev omfattande tiltak og er avhengig av ansvarlegheit og dugnadsinnsats frå innbyggjarane for å lukkast.


Har du helsefagleg bakgrunn og ønskje om å bidra? Registrer deg HER.

 

OPNINGTID PÅ RÅDHUSET

Sist oppdatert: 08.07.20

Me ønskjer at alle som kjem skal ha avtalt dette på telefon på førehand.

For at det følast trygt for tilsette og besøkjande å være på rådhuset, ønskjer me at de føl desse retningsliner:

  1.  Besøkande til legekontor skal nytte vanleg inngang på baksida
  1.  Alle besøkjande skal henvende seg i resepsjonen
  1.  Du vert henta i resepsjonen av den du har avtale med
  1.  Dersom du skal levere dokument, skal du legge dei i merka kassett i skranken
  1. Hugs god handhygiene – bruk handsprit når du kjem og når du går
  1. Hald god avstand til andre
  1. Personar med luftvegssymptom skal ikkje besøke rådhuset

KARANTENE

Sist oppdatert: 05.05.20

Alle som har vore i utlandet skal i heimekarantene i ti dagar etter heimkomst. 

Frå 15. juni er det unntak for karantene ved tilbakekomst frå nokon land. Sjå oppdatert informasjon hos Folkehelseinstituttet.

For dei som har trong for å få levert mat eller anna for å gjennomføra heimekarantene kan Tysnes kommune gje tilbod for dette.

Har du trong for hjelp for å gjennomføra heimekarantene, kontakt oss på:

E-post: korona-beredskap@tysnes.kommune.no

Telefon: 53 43 70 00

LEGEKONTOR

Sist oppdatert: 01.04.20

Per no har me normal kapasitet på legekontoret. Viss du ikkje får beskjed om noko anna, skal du møte til timen din som vanlig.

Sjå meir iformasjon her

Dersom du har sjukdomssymptom som luftvegsplager, feber eller hoste, ber me om at du tek kontakt på telefon før timen din for å avklare om me skal ta særlige omsyn.

Avtaler kan bli utsatt grunna akutt beredskap. Behov for endring i drifta vert vurdert undervegs.

 

Viss du treng legehjelp

Me har normal kapasitet no og det er viktig at alle som har trong for legehjelp oppsøkjer dette som vanleg.

Me har gjort nokon endringar av drifta:

1. Alle skal ha avtale før dei møter på legekontoret

2. For å minske smittefare ønskjer me å ha konsultasjonar på maks 15 minuttar

3. Drop-in funksjon for blodprøver og andre mindre prosedyrar er stengt. Alle må ha avtale for laboratoriet

4. Det er ekstra viktig no at me alle praktisera på god handhygiene, særlig ved oppmøte på legekontoret – sjå eiget oppslag om dette på legekontoret.

 

Kontakte legekontoret

Me oppmodar befolkninga til å bruke våre digitale plattformer helsenorge.no og pasientsky. Dersom ein ikkje kan ta elektronisk kontakt, eller viss det haster å få kontakt, må ein ringe.

Nummer til legevakt 116 117 og naudnummer 113 skal berre nyttast ved akutt behov.

 

Hvis du trur du er smitta

Pasientar med luftvegsinfeksjon skal ikkje komme til legekontoret utan avtalt

Ring: 53 43 70 80

eller kontakt oss på https://minhelse.helsenorge.no/

HELSESTASJON, SKULEHELSE- OG JORDMORTENESTA

Sist oppdatert: 21.04.20

Helsestasjon- og skulehelsetenesta går tilbake til normal aktivitet frå 20. april, i trå med nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skulehelsetenesta og nødvendige smitteverntiltak.

Sjå meir informasjon på Helsestasjonen si side.

 

Angåande fødsel: Dersom du oppfyller kriterier for karantene må du informere fødeavdeling på telefon, før du kjem til fødeavdelinga. (sjå Helse Bergen og Helse Fonna om poliklinisk besøk, opphald i fødeavdeling og på barsel).
 

Kontaktinfo helsestasjon, skulehelsetenesta og jordmor:

Felles nummer til helsestasjon :  53 43 70 86

Helsesjukepleiar born 0-5 år
Camilla Søreide Helland: 476 18 785

Helsesjukepleiar i skulen
Kathrine Berrefjord: 415 61 740

Jordmor
Elisabeth Hatteberg: 909 47 711

 

Link til offentlig informasjon til barn og unge og til deg som forelder eller gravid:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-for-gravide-barn-og-ungdom/

PSYKISK HELSETILBOD TIL BORN OG UNGE

Oppdatert 23.03.20

Vert dagane lange og krevjande? Ønskjer du nokon å snakke med?

Helsesjukepleiar og psykisk helsearbeidar er på arbeid kvar dag, og ønskjer at du ringjer om du har spørsmål eller berre treng nokon å snakke med. Tilbodet er open for alle barn og unge, og er heilt uforplitkande.

Du kan nå oss på tlf.  53 43 70 86, mellom kl 08-16.

Utanfor kontortid oppmodar med deg om å kontakte Kirkens SOS på tlf. 22 40 00 40, eller alarmtelefonen for barn og unge som er døgnopen, tlf. 116 111.

PSYKISK HELSETILBOD TIL VAKSNE

Sist oppdatert: 23.05.20

Innan psykisk helse vil behov for heilt nødvendig helsehjelp, akutte og kritiske tilfeller verte dekka. Om det skal haldast samtaler på kontoret vert vurdert i kvart enkelt tilfelle. Det vert tilbudt telefonsamtaler.

Ta kontakt med Synnøve Espelund: 977 01 407

BARNEVERNTENESTA

Sist oppdatert: 16.03.20

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod, kan føre til at born som opplever vanskelige heimesituasjonar er endå meir sårbare enn vanleg. Det er derfor viktig at born og vaksne kontaktar barneverntenesta når dei vert uroa for om eit barn er i behov for hjelp.

 

Tilsette i Barneverntenesta i Tysnes kommune er tilgjengelige på telefon og e-post på dagtid:

Barnevernkonsulent Eva S. Grov

Tlf: 902 51 107

E-post: eva.grov@tysnes.kommune.no

 

Barnevernkonsulent Mailinn H. Hagen

Tlf: 902 42 844

E-post mailinn.helland.hagen@tysnes.kommune.no

 

Tiltaksarbeidar Elin Kleppe

Tlf: 996 46 397

e-post: elin.kleppe@tysnes.kommune.no

 

Barnevernleiar Ingvild A. Hustad

Tlf: 971 00 486

E-post: ingvild.a.hustad@tysnes.kommune.no

 

Tysnes kommune har avtale med Bergen barnvernvakt som har opningstider på kveld og natt: 55 36 11 80

Sjå heimesida for meir info:

https://barnevernvakten.no/kommuner/bergen-kommune

NAV TYSNES

Sist oppdatert: 14.05.20

NAV kontoret vil ikkje være opent for drop-in i perioden fram mot sommaren. Behov for fysiske møter skal sjølvsagt ivaretas. Me ønskjer at møte med sakshandsammar blir avtalt på førehand.

NAV STAT

Har du spørsmål som gjelder sjukepengar, permittering, dagpengar eller anna statleg yting, og du ikkje finn svar på nav.no, ta kontakt me oss via NAV Kontaktsenter 55 55 33 33

NAV SOSIAL

Skal du søkje økonomisk sosialhjelp eller ønskjer kontakt med sakshandsammar:

- nav.no/sosialhjelp - her finn du all relevant informasjon om kva du kan ha rett på og søknadsprosess. Ved å logge på nav.no kan du:

  • skrive beskjed til oss via "Skriv til oss - sosial"
  • levere digital søknad om økonomisk sosialhjelp

- NAV kontaktsenteret 55 55 33 33 (tastevalg 1) kan veilede deg, og dei kan hjelpe deg med å få kontakt med din sakshansammar

- du kan få videreformidla beskjed lokalt ved å ringje til råduhuset på telefon: 53 43 70 00

Dersom du ikkje kan søkje digitalt:

Skal du levere skjema/faktura eller anna, kan du legge det i postkasse utanfor hovudinngongen. Denne vert tømt kl 08.00 og 14.00

 

For bedrifter:

Nav.no vert løpande oppdatert med informasjon til arbeidsgivara på nav.no/bedrift

Bedrifter som treng bistand utover det ein finner på nav.no, kan ringe Arbeidsgivertelefon eller ta kontakt på e-post:

E-post: nav.stord.sunnhordland.marknad@nav.no 

NAV Arbeidsgivertelefon: 55 55 33 36

SKULAR OG BARNEHAGAR

Sist oppdatert: 02.06.20

I samråd med kommuneoverlegen har me no eit gult beredskapsnivå i skular og barnehagar.

Dette vert vurdert fortløpande. Ved endring vert det informert her på heimesida, og direkte til dei føresette.

Barnehagane

Barnehagane har full opningstid frå 2. juni.

Du kan finne informasjon om trafikklyssystemet og kva det betyr for barnehagekvardagen på Utdannigsdirektoratet si heimeside

Føresette vert løpande informert i Vigilo.

Skulane

Alle klassane er tilbake i skulen, med heile dagar.

Du kan finne informasjon om trafikklyssystemet og kva det betyr for skulekvardagen på Utdannigsdirektoratet si heimeside

Føresette vert løpande informert i Visma.

BESØK TIL BEBUARAR VED TYSNES OMSORGSSENTER

Sist oppdatert: 05.06.20

Bebuarane kan no ta i mot besøk utandørs og innandørs.

Pårørande må i forkant av besøket avtale med avdelinga at dei kjem.

Besøkjande skal følgjast direkte til bebuaren sitt rom – og har ikkje anledning til å opphalde seg i fellesareal

  • 1-2 pårørande pr besøk
  • inntil 30 minutt
  • max  2 besøk på avdelinga  i same tidsrom

For å ha oversikt og fordele besøkstider, ønskjer ein at besøkjande fordeler seg med 30 minutt  besøk i tidsromma;

Frå kl 1100 – 1300

Frå kl 1700 – kl 1900

Personalet skal  følgja besøkjande ut etter besøket.

 

Avdeling Fjorden: 417 07 982

Avdeling Nuten: 417 07 980

Avdeling Såto: 417 07 981

HEIMESJUKEPLEIEN

Sist oppdatert: 16.03.20

Kommunen reknar med at tilbodet i heimesjukepleien oppretthaldast som vanleg. Me oppmodar alle pårørande å følgje nasjonale råd, og spesielt ta omsyn til at eldre er i riskikogruppa. Det oppmodast om å avgrensa både antall besøkande og antall besøk til de eldre i kommunen.

MATLEVERING

Sist oppdatert: 16.03.20

Det blir matlevering som normalt i kommunen.

BIBLIOTEK, BASSENG OG TYSNESHALLEN

Sist oppdatert: 14.05.20

Biblioteket er opent med reduserte opingstider.

Meirope vil fortsatt halde stengt.

Du kan finne opningstidene her

Basseng og Tysneshallen stengt inntil vidare.

DEN NORSKE KYRKJA

Sist oppdatert: 25.06.20

Når det no blir opna for at 200 personar kan samlast, vil det gje nokre utfordringar for kyrkjene våre. Dette fordi det skal framleis vere ein meter frå skulder til skulder, for dei som ikkje er i same husstand.

Ingen av kyrkjene på Tysnes vil kunne romme 200 personar.

Derfor vil det fremdeles bli begrensingar på kor mange som kan vere med på gudsteneste og i kyrkjelege handlingar som dåp, vigsel og gravferd.

Av den grunn  må ein ta kontakt med kyrkjekontoret og høyre kor mange personar kyrkja rommar.

Me vil lage eit «oversiktskart» over dei muligheitene kyrkja har, og ein kan blir bedt om å teikne inn kor mange husstandar som skal delta.

Det skal framleis førast liste på kven som kjem til kyrkjene. Listene vert makulert etter 10 dagar.

Smittevernstiltaka, handsprit, vasking osv. vert oppretthaldt som no.

Samtalar av ulik karakter finn stad i kyrkjerommet der det er store rom.

Om ein ynskjer samtale tar ein kontakt med kyrkjekontoret og gjer avtale.

Konfirmasjon
Konfirmasjonane på Tysnes er utsatt til september.

HYTTETURISTAR OG REISER INN TIL KOMMUNEN

Sist oppdatert: 08.07.20

Viss ein oppheld seg på fritidseigedom i Tysnes kommune og får symptomer på koronasmitte, oppmodar me om å kontakta legekontoret i heimekommunen. Ikkje reis på hytta viss ein føler seg dårlig.

Generelle smittevernsråd gjeld også på fritidseigedomen. Me oppmodar til å planlegg godt før ein går på butikken, slik at ein slepp å gå på butikken unødvendig mykje. Det er anbefalt at èin frå hustanden går på butikken om gangen.

Me vil oppmoda alle som vurderer å reise til Tysnes om å lese:
Anbefalingene på HelseNorge.no

HJELP TIL LOKALT NÆRINGSLIV

Sist oppdatert: 18.03.20

Mange bedrifter opplever no å væra i ein vanskelig situasjon. For dei som har behov for råd og rettleiing grunna situasjonen med korona, har Tysnes kommune gjort ein avtale med Atheno. 

Atheno tek over Tysnes kommune sin 1. linjetenesten i denne perioden. Dei kan kontaktas av lokalt næringsliv som treng nokon å rådføra seg med.

Kontaktinfo til Atheno:

E-post: atheno@post.no

Telefon: 452 89 928

LOKAL FORSKRIFT FOR SMITTEVERN ER OPPHEVA

Den lokale smittevernforskrifta er oppheva. Dette vart avgjort i kommunal kriseleiing 05.05.20, i samråd med smittevernlege.

Me ser at det ikkje lengre er trong for ei lokal forskrift då dei nasjonale retningsliner no er utfyllande, og fordi forskrifta delvis var i strid med desse.

Kommunestyre vil bli orientert i kommunestyremøte 07.05.20