18. jan. 2021 kl. 14:35

Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
koronavirus

Samla informasjon om tiltak i Tysnes kommune

Her finn du informasjon om tiltaka på dei einskilde einingane i Tysnes kommune. Informasjon om legekontoret.

 

Har du helsefagleg bakgrunn og ønskje om å bidra? Registrer deg HER.

 

RÅDHUSET

Sist oppdatert: 03.01.21

Me ønskjer at alle som kjem skal ha avtalt dette på telefon på førehand.

For at det følast trygt for tilsette og besøkjande å være på rådhuset, ønskjer me at de føl desse retningsliner:

  1.  Besøkande til legekontor skal nytte vanleg inngang på baksida
  1.  Alle besøkjande skal henvende seg i resepsjonen
  1.  Du vert henta i resepsjonen av den du har avtale med
  1.  Dersom du skal levere dokument, skal du legge dei i merka kassett i skranken
  1. Hugs god handhygiene – bruk handsprit når du kjem og når du går
  1. Hald god avstand til andre
  1. Personar med luftvegssymptom skal ikkje besøke rådhuset

PRAKTISKHJELP FOR Å GJENNOMFØRE KARANTENE

Sist oppdatert: 06.11.20

For dei som har trong for å få levert mat eller anna for å gjennomføra heimekarantene kan Tysnes kommune gje tilbod for dette.

Har du trong for hjelp for å gjennomføra heimekarantene, kontakt oss på:

E-post: korona-beredskap@tysnes.kommune.no

Telefon: 53 43 70 00

LEGEKONTOR

Sist oppdatert: 06.11.20

Per no har me normal kapasitet på legekontoret. Viss du ikkje får beskjed om noko anna, skal du møte til timen din som vanlig.

Sjå meir iformasjon her

Luftvegssymptom

Dersom du har sjukdomssymptom som luftvegsplager, feber eller hoste, ber me om at du tek kontakt på telefon før timen din for å avklare om me skal ta særlige omsyn.

Avtaler kan bli utsatt grunna akutt beredskap. Behov for endring i drifta vert vurdert undervegs.

 

Viss du treng legehjelp

Me har normal kapasitet no og det er viktig at alle som har trong for legehjelp oppsøkjer dette som vanleg.

Me har gjort nokon endringar av drifta:

1. Alle skal ha avtale før dei møter på legekontoret

2. For å minske smittefare ønskjer me å ha konsultasjonar på maks 15 minuttar

3. Drop-in funksjon for blodprøver og andre mindre prosedyrar er stengt. Alle må ha avtale for laboratoriet

4. Det er ekstra viktig no at me alle praktisera på god handhygiene, særlig ved oppmøte på legekontoret – sjå eiget oppslag om dette på legekontoret.

 

Kontakte legekontoret

Me oppmodar befolkninga til å bruke våre digitale plattformer helsenorge.no og pasientsky. Dersom ein ikkje kan ta elektronisk kontakt, eller viss det haster å få kontakt, må ein ringe.

Nummer til legevakt 116 117 og naudnummer 113 skal berre nyttast ved akutt behov.

 

Hvis du trur du er smitta

Pasientar med luftvegsinfeksjon skal ikkje komme til legekontoret utan avtalt

Ring: 53 43 70 80

eller kontakt oss på https://minhelse.helsenorge.no/

HELSESTASJON, SKULEHELSE- OG JORDMORTENESTA

Sist oppdatert: 21.04.20

Helsestasjon- og skulehelsetenesta går tilbake til normal aktivitet frå 20. april, i trå med nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skulehelsetenesta og nødvendige smitteverntiltak.

Sjå meir informasjon på Helsestasjonen si side.

 

Angåande fødsel: Dersom du oppfyller kriterier for karantene må du informere fødeavdeling på telefon, før du kjem til fødeavdelinga. (sjå Helse Bergen og Helse Fonna om poliklinisk besøk, opphald i fødeavdeling og på barsel).
 

 

Kontaktinfo helsestasjon, skulehelsetenesta og jordmor:

Felles nummer til helsestasjon :  53 43 70 86

Helsesjukepleiar born 0-5 år
Camilla Søreide Helland: 476 18 785

Helsesjukepleiar i skulen
Kathrine Berrefjord: 415 61 740

Jordmor
Kontakt legekontoret: 53 43 70 80

 

Link til offentlig informasjon til barn og unge og til deg som forelder eller gravid:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-for-gravide-barn-og-ungdom/

PSYKISK HELSETILBOD TIL BORN OG UNGE

Oppdatert 23.03.20

Vert dagane lange og krevjande? Ønskjer du nokon å snakke med?

Helsesjukepleiar og psykisk helsearbeidar er på arbeid kvar dag, og ønskjer at du ringjer om du har spørsmål eller berre treng nokon å snakke med. Tilbodet er open for alle barn og unge, og er heilt uforplitkande.

Du kan nå oss på tlf.  53 43 70 86, mellom kl 08-16.

Utanfor kontortid oppmodar med deg om å kontakte Kirkens SOS på tlf. 22 40 00 40, eller alarmtelefonen for barn og unge som er døgnopen, tlf. 116 111.

PSYKISK HELSETILBOD TIL VAKSNE

Sist oppdatert: 29.10.20

Psykisk helse er drifta per no som normalt.

Personar med luftvegsinfeksjon skal ikkje komme til avtale! Det vert tilbudt telefonsamtaler ved behov.

 

BARNEVERNTENESTA

Sist oppdatert: 16.03.20

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod, kan føre til at born som opplever vanskelige heimesituasjonar er endå meir sårbare enn vanleg. Det er derfor viktig at born og vaksne kontaktar barneverntenesta når dei vert uroa for om eit barn er i behov for hjelp.

 

Tilsette i Barneverntenesta i Tysnes kommune er tilgjengelige på telefon og e-post på dagtid:

Barnevernkonsulent Eva S. Grov
Tlf: 902 51 107
E-post: eva.grov@tysnes.kommune.no

Barnevernkonsulent Mailinn H. Hagen
Tlf: 902 42 844
E-post mailinn.helland.hagen@tysnes.kommune.no

Tiltaksarbeidar Elin Kleppe
Tlf: 996 46 397
E-post: elin.kleppe@tysnes.kommune.no

Barnevernleiar Ingvild A. Hustad
Tlf: 971 00 486
E-post: ingvild.a.hustad@tysnes.kommune.no

 

Tysnes kommune har avtale med Bergen barnvernvakt som har opningstider på kveld og natt: 55 36 11 80
Sjå heimesida for meir info:
https://barnevernvakten.no/kommuner/bergen-kommune

NAV TYSNES

Sist oppdatert: 10.09.20

NAV kontoret vil ikkje være opent for drop-in. Behov for planlagte fysiske møter vil ivaretas. Akutt økonomisk krise eller bolignød vil være unntak, og kan formidlast til sosialtenesta via resepsjonen i Rådhuset, eller på telefon/via nett(sjå under). Endringar vert annonsert fortløpande.

NAV stat
Har du spørsmål som gjelder sjukepengar, permittering, dagpengar eller anna statleg yting, og du ikkje finn svar på nav.no, kan du få kontakt med oss via nav.no, eller ringje NAV Kontaktsenter 55 55 33 33

NAV sosial
Skal du søkje økonomisk sosialhjelp eller ønskjer kontakt med sakshandsammar:

- nav.no/sosialhjelp - her finn du all relevant informasjon om kva du kan ha rett på og søknadsprosess. Ved å logge på nav.no kan du:

  • skrive beskjed til oss via "Skriv til oss - sosial"
  • levere digital søknad om økonomisk sosialhjelp

- NAV kontaktsenteret 55 55 33 33 (tastevalg 1) kan veilede deg, og dei kan hjelpe deg med å få kontakt med din sakshansammar

- du kan få videreformidla beskjed lokalt ved å ringje til råduhuset på telefon: 53 43 70 00

Dersom du ikkje kan søkje digitalt:

Skal du levere skjema/faktura eller anna, kan du legge det i postkasse utanfor hovudinngongen. Denne vert tømt kl 08.00 og 14.00

 

For bedrifter:

Nav.no vert løpande oppdatert med informasjon til arbeidsgivara på nav.no/bedrift

Bedrifter som treng bistand utover det ein finner på nav.no, kan ringe Arbeidsgivertelefon eller ta kontakt på e-post:

E-post: nav.stord.sunnhordland.marknad@nav.no 

NAV Arbeidsgivertelefon: 55 55 33 36

SKULAR OG BARNEHAGAR

Sist oppdatert: 02.06.20

I samråd med kommuneoverlegen har me no eit gult beredskapsnivå i barnehagen, på småskulane, og mellomtrinnet.

Regjeringa opner for at ungdomsskulen kan gå tilbake til gult beredskapsnivå frå 20.01.20. Tysnes kommune har ingen kjent smitte per no, og vurerer situasjonen på Tysnes sånn at det ikkje er trong for lokale tiltak på skulane. Tysnes skule vil frå  20.01.21 gå over til gult beredskapsnivå.

Dette vert vurdert fortløpande. Ved endring vert det informert her på heimesida, og direkte til dei føresette.

Barnehagane

Du kan finne informasjon om trafikklyssystemet og kva det betyr for barnehagekvardagen på Utdanningsdirektoratet si heimeside

Føresette vert løpande informert i Visma.

Skulane

Småskulane og mellomtrinna er fortsatt på gult beredsakpsnivå. Her går undervisninga som normalt.

Du kan finne informasjon om trafikklyssystemet og kva det betyr for skulekvardagen på Utdannigsdirektoratet si heimeside

Føresette vert løpande informert i Visma.

BESØK TIL BEBUARAR VED TYSNES OMSORGSSENTER

Sist oppdatert: 10.09.20

Bebuarane kan no ta i mot besøk utandørs og innandørs.

Pårørande må i forkant av besøket avtale med avdelinga at dei kjem.

Besøkjande skal følgjast direkte til bebuaren sitt rom – og har ikkje anledning til å opphalde seg i fellesareal

  • 1-2 pårørande pr besøk
  • inntil 30 minutt
  • max  2 besøk på avdelinga  i same tidsrom

For å ha oversikt og fordele besøkstider, ønskjer ein at besøkjande fordeler seg med 30 minutt  besøk i tidsromma;

Frå kl 1100 – 1300

Frå kl 1700 – kl 1900

 

Avdeling Fjorden: 417 07 982

Avdeling Nuten: 417 07 980

Avdeling Såto: 417 07 981

HEIMESJUKEPLEIEN

Sist oppdatert: 16.03.20

Kommunen reknar med at tilbodet i heimesjukepleien oppretthaldast som vanleg. Me oppmodar alle pårørande å følgje nasjonale råd, og spesielt ta omsyn til at eldre er i riskikogruppa. Det oppmodast om å avgrensa både antall besøkande og antall besøk til de eldre i kommunen.

MATLEVERING

Sist oppdatert: 16.03.20

Det blir matlevering som normalt i kommunen.

BIBLIOTEK, BASSENG OG TYSNESHALLEN

Sist oppdatert: 03.01.21

Biblioteket er ope - tilbodet er avgrensa til utlån og innlevering.

Hugs å nytte handsprit og hald god avstand til andre lånarar og tilsette.

Det skal være maks 5 personar i biblioteket samstundes.

Opningstidene finn du her: Bibliotekets opningstider

Dersom biblioteket blir stengt på kort varsel, legg vi ut informasjon om dette på www.tysnesbibliotek.no og på Facebooksida til biblioteket.

Tysneshallen og svømmehallen i tråd med at regjeringa opner opp for aktiviteter for barn og ungen, vil me igjen opne for organisert indrett i hallen og i symjehallen frå 20. januar.

 

DEN NORSKE KYRKJA

Sist oppdatert: 06.01.21

Dette er dei nye reglane og anbefalingane for kyrkja som gjelder frå 4. januar:

  • Forbod mot fleire enn 50 personar i begavelse, og ti personar på andre arrangement.
  • Anbefaling om at planlagde gudstenester, samlingar og faste aktiviteter for alle aldersgrupper haldast digitalt eller avlysast til og med 18. januar.
  • Unntaksvis kan små enkeltsamlingar eller seremonier med inntil ti deltakere gjennomføres når man lokalt vurderer at det er nødvendig (for eksempel dåp, vigsel, diakonale tiltak/sjelesorg, innspilling av digital gudstjeneste o.l.).
  • Innstrammingar for kyrkjevandringar
  • Sjølv om det ikkje innføre strengare reglar om utandørs arrangementa no, anbefaler kyrkja sin ledelse å unngå dette dei neste to vekene for å bidra til færre sosiale møtepunkt.

Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du treng hjelp eller har spørsmål:

Tlf: 412 62 844
      481 23 170
      481 23 310

HYTTETURISTAR OG REISER INN TIL KOMMUNEN

Sist oppdatert: 06.11.20

Det er per no ingen hytteforbod eller oppmoding om å ikkje komme på hytta på Tysnes.

Nasjonale reglar og råd for smittevern gjeld også på fritidseigedomen.

HJELP TIL LOKALT NÆRINGSLIV

Sist oppdatert: 18.03.20

Mange bedrifter opplever no å væra i ein vanskelig situasjon. For dei som har behov for råd og rettleiing grunna situasjonen med korona, har Tysnes kommune gjort ein avtale med Atheno. 

Atheno tek over Tysnes kommune sin 1. linjetenesten i denne perioden. Dei kan kontaktas av lokalt næringsliv som treng nokon å rådføra seg med.

Kontaktinfo til Atheno:

E-post: atheno@post.no

Telefon: 452 89 928

LOKAL FORSKRIFT FOR SMITTEVERN ER OPPHEVA

Den lokale smittevernforskrifta vart oppheva i kommunal kriseleiing 05.05.20, i samråd med smittevernlege.

Me ser at det ikkje lengre er trong for ei lokal forskrift då dei nasjonale retningsliner no er utfyllande, og fordi forskrifta delvis var i strid med desse.

Kommunestyre vil bli orientert i kommunestyremøte 07.05.20