Trafikksikring

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN FOR TYSNES KOMMUNE

Utlegging av Planprogram til offentleg ettersyn - varsel om oppstart.

Med heimel i plan- og bygningslova §11-12 vert det med dette kunngjort oppstart av arbeidet med ny kommunedelplan for trafikksikring i Tysnes Kommune. Trafikksikringsplanen har status som kommunedelplan innanfor samfunnsplanlegginga etter plan- og utbyggingslova, men utan heimel til arealdisponeringar. I den grad det er naudsynt vil ein i dette planarbeidet kunne gje tilrådingar om arealdisponeringar til kommuneplanen sin arealdel.

Formannskapet i Tysnes Kommune gjorde i møte 07.09.2016 følgjande vedtak.

Med heimel i plan og bygningslova § 4-1 vert det og kunngjort at planprogrammet til trafikksikringsplanen vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planprogrammet gjer i korte trekk greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen og opplegget for medverknad. Ein skal og vurdera verknadane for miljø og samfunn, og synleggjere alternativa i planarbeidet.

Utkast til planprogram finn du HER.

Frist for å komme med merknader til planprogrammet er seks veker frå denne kunngjeringa. Merknader kan sendast Tysnes Kommune på e-post: post@tysnes.kommune.no eller på adressa Tysnes Kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.