Val logo

Røysting på valdagen

På valdagen, 09.september, må du røysta (stemma) i den kommunen du er manntallsført.

Manntalet er produsert på bakgrunn av kvar du er registrert som busett den 30. juni valåret. Dersom du har flytta etter 30. juni, står du innført i manntalet i den kommunen du har flytta frå, sjølv om du har meldt flytting. 

I Tysnes er vallokal opne frå kl 10.00 til kl 19.00 på valdagen.

 

Røystestader og kor langt røystekrinsane rekk:

Uggdal: Rådhuset

Røystestad for gnr.57 til og med gnr.71, samt tidlegare Søreide skulekrins. Flatråker for gnr.1 til og med gnr.12. Kongsvik tidlegare skulekrins. Amland for gnr.29 til og med gnr.44.

Reksteren: Idretts- og kulturbygget

Røystestad for gnr. til og med gnr. 55 og Bruntveit- og Kaldefoss skulekrinsar.

Lunde: Lunde bedehus

Røystestad for gnr. 107 til og med gnr.124.

Onarheim: Onarheim skule

Røystestad for gnr. 138 til og med gnr.142 og gnr.150 til og med 153 og Anuglen og Solheimsdalen tidlegare skulekrinsar. Gnr. 128 til og med gnr. 137. Gnr.154, og Skjellevik og Skorpen tidlegare skulekrins.

Opningstider for alle røystelokala: Frå og med kl 10.00 til og med 19.00

 

Hugs legitimasjon og ta gjerne med valkortet! 

 

 

Har du flytta etter 30. juni?

Dersom du har flytta etter 30. juni, står du innført i manntalet i den kommunen du har flytta frå, sjølv om du har meldt flytting. Du er manntalsført i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busatt pr 30. juni 2019. 

Du har røysterett og avgjer di røyst, i den kommunen der du er manntalsført. Dersom du ikkje har moglegheit å røyste på valdagen, kan du førehandsrøyste i den  kommunen du er i. Røysta di blir sendt til din heimkommune.

 

Informasjon er henta frå www.valg.no