Roadshow elektronisk handel/faktura

Pressemelding

Interkommunalt innkjøpssamarbeid  frå Utsira / Karmøy i sør til Eidfjord / Ulvik i nord ynskjer at lokale leverandørar i regionen skal stå sterkare i konkurransen om leveranser til det offentlege

Meir enn halvparten av faktura sendt til kommunane i distriktet kjem no inn som elektroniske filer i staden for på papir. Dette er godt for miljøet og ressurseffektivt for avsendar og mottakar. I alle nye avtaler som blir inngått stiller det offentlege krav om at faktura skal sendast på EHF format slik at ein i løpet av kort tid berre vil akseptere rekningar som kjem inn på dette formatet.  

DIFI og DFØ kjem til Tysvær 06. november med eit Roadshow med kurs i elektronisk faktura og ehandel til aktuelle leverandørar av varer og tenester.

Bli ein vinnar med elektronisk faktura og e-handel!

Staten er pålagt å kreve elektronisk faktura frå alle sine leverandørar, uansett om dei er store eller små. Kommunene har samme krav fra 1.januar 2015.

Du som driv med sal til offentlege verksemder må altså vera i stand til å sende elektronisk faktura.

  • Kan du levere?

Snart kjem også katalog, ordre og ordrestadfesting – dvs. du må kunne levere og motta elektroniske dokument til heile e-handelsprosessen.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Direktoratet for økonomistyring (DFØ) arbeidar  med å tilretteleggja for auka bruk av elektronisk faktura og e-handel.

DIFI og DFØ gjennomfører Roadshow om elektronisk faktura utover hausten 2014 og vi inviterar alle aktuelle leverandørar til informasjonsmøte,  slik at du kan læra meir om korleis du kan innfri krava for elektronisk faktura og bruken av e-handel. Kommunesamarbeidet på innkjøp har fått lagt eit slikt kurs til Tysvær den 06.11.

Kontakt  kommunen om du ikkje har fått tilsendt invitasjon med link til påmelding eller klikk deg inn på denne linken http://www.dfo.no/roadshow