Omsorgssenter

Reguleringsplan – nytt omsorgssenter

Tysnes kommunestyre har i møte 03.03.15 vedteke reguleringsplan for Tysnes omsorgssenter.

Planen gjeld bygging av nytt omsorgssenter, og føremålet er ei samlokalisering av helse- og omsorgstenestene i kommunen. Planområdet er lokalisert på Myklestad i Uggdal, like nord for Uggdal sentrum.

Kommunestyret sitt vedtak kan ihht. pbl. §§ 12-12 og 1-9, jfr. fvl. kap. VI, påklagast til fyl­kesmannen i Hordaland. Ev. klager skal vera skriftleg og sendast Tysnes kommune, Rådhu­set, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal innan 16.04.15.

Ev. krav om erstatning må vera sett fram for Tysnes kommune innan 3 år frå denne off. kunngjeringa av vedtaket, jfr. pbl. §§ 15-2 og 15-3.

Plankart

Reguleringsføresegner

Planskildring

Planvedtak