Korona[1]

Rettningsline ved luftvegssymptom

Kven bør bli testa og kven kan gå på jobb, i barnehage eller skule? Her er rettningslinane som gjeld per 2. september og inntil vidare.

Hovudregel:

Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon skal halde seg heime. Det gjeld også de fleste barn, særlig dei fyst 1-2 døgn. Det er nokon unntak. Sjå flytskjema lenger ned på sida.

Følgjande bør testast:

  1. Alle med akutt luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
    Symptoma er beskrivne på fhi.no.
    OBS! Eigne reglar for barn opp til cirka 12 år, skå flytskjema lenger ned på sida.
  2. Alle som har vært utsatt for smitte med covid-19, anten som nærkontakt, eller etter reise i land eller regionar med høg førekomst, dei siste 10 dagane.
    Disse regionane endrar seg heile tida. Følg med på fhi.no/nettpub
  3. Andre grupper berre etter vurdering av lege.
  4. Alle som har mistanke om at dei er smitta av covid-19, bør få testa seg.

 

Når kan du gå tilbake på jobb, skule eller barnehage?

 

Vaksne og barn frå ungdomsskulealder:

  • Ved positiv coronaprøve: Isolasjon minimum 8 døgn etter symptomdebut og minst 3 døgn etter symptoma er borte. Smittervernlege vil ta kontakt med den einskilde ved positiv prøve.
  • Ved negativ coronaprøve: Hovudregelen er at ein skal være symptomfri og ha negativ prøve før ein går igjen går på jobb. Ved nokon høve, særlig der det einaste symptom er sporadisk hoste eller nasesymptom, og det varar meir enn ei veke, med negativ prøve, kan smittevernlege gjere unntak etter individuell vurdering.

Barn i barnehage- og barneskulealder:

 

Flytskjema barn FHI bilde
Flytskjema barn FHI bilde