rydding strand

Plastrydding

foto: Camilla Korsnes/Bladet Tysnes

Laurdag og søndag blir det ryddeaksjon i Tysnes kommune.

 

Som ein del av «Rydd Bjørnefjorden»-aksjonen i helga inviterer Ordføraren til ryddedugnad i standsona i Tysnes kommune 18. og 19. februar. Dette er ein felles ryddeaksjon i kommunane Fusa, Os, Samnanger og Tysnes.

Det blir dumpa tonnevis av plast i havet kvart minutt. Denne plasten er ikkje berre eit lite vakkert tilskot i strandsona vår, men den har også stor skadelig effekt på dyr og fuglar. Eit godt eksempel på det er kvalen som var funnen og avliva i Fjell kommune, med over 30 plastposar i magen.

I ryddeaksjonen vil me få fjerna plast, nøter og tauverk som ligg langs sjølinja. Treverk kan samlast opp og leggast inn på land slik at det ikkje driv ut på sjøen.

Me vonar Tysnesingane vil væra med på dugnaden. Me oppfordrar alle som deltek i ryddinga om også å delta i ein lokal fotokonkurranse.

Ta eit bilete av området før og etter de ryddar og last opp biletet på Instagram eller Facebook emneknaggen #plasttysnes, så kan to heldige vinnarar vinna 1000kr kvar.

Det blir sett opp container ved Joker Årbakka, og ved Joker Uggdal i regi av SIM. Ryddeposar blir også lagt ut ved containarane. 

 

Med venleg helsing
Kåre Martin Kleppe
ordførar
Tysnes kommune  

   cid:581164513@22082011-30AC