Byggesak

Plan og byggningslova

Bygningsdelen til den nye plan og bygningslova vart gjort gjeldande frå 01.07.2010.

 Den største endringa for innbyggjarane er at bygging eller oppgradering av baderom no vert søknadspliktig.

Den nye lova er ei vidareføring av den gamle lova, men ho er meir logisk og oversiktleg og på den måten meir tilgjengeleg. Det er også gjeve heimel til å innføra "overtredingsgebyr" dersom kommunen avdekkar ulovlege bygg eller tiltak som er bygde etter 01.07.10.

Plandelen i den nye plan- og bygningslova vart gjort gjeldande frå 01.07.09, og no følgjer byggjedelen med tilhøyrande forskrifter: Saksbehandlingsforskrifta og Teknisk forskrift. Lenkjer til lova og forskriftene finn du under denne artikkelen.

Bakgrunnen for den nye lova er mellom anna auke i byggskader dei siste åra. Kontroll har difor vore eit sentralt tema for lovgjevarane, og lova innfører obligatorisk uavhengig kontroll. Denne bestemmelsen vert ikkje gjort gjeldande før 01.07.11. I overgangsperioden er det opp til kommunen å bestemma kontrollomfang og type. På same måten vert søknadsplikt for eldstader ikkje gjort gjeldande før 01.07.11.

Søknadsplikt for baderom m/ansvarshavande vert innført frå 1. juli 2010. For nye bustader vert dette teke vare på av ansvarleg søkjar som tidlegare. Men for dei som vil byggja nytt bad i samband med eksisterande bygg, vert dette ei skjerping då huseigaren tidlegare kunne gjennomføra dette som ei meldingsak utan ansvarshavande.

Meldingsomgrepet går elles ut i den nye lova. Dei tiltakstypar som tidlegare var meldingssaker, vert søknadspliktige i den nye lova. Mindre enkle tiltak kan tiltakshavar søkja om sjølv og vera ansvarleg for sjølv utan bruk av firma med ansvarsrett, med unntak av baderom som no krev søknad med ansvarsrett. Alle søknader der det vert krav om ansvarshavande skal vedleggjast dokument om gjennomføringsplan for tiltaket.

For tiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande plan (reguleringsplanar eller kommuneplan) må det søkjast om dispensasjon. Søknad om dispensasjon skal vera grunngjeve.

Plan- og bygningslova med tilhøyrande byggjesaksforskrift (SAK 10)  og teknisk forskrift (TEK 10) finn du på Statens bygningstekniske etat si heimeside. Sjå lenkjer på høgre side.