Penger - Pixabay - fri bruk

Oversikt over aktuelle tilskot og stønader

Her finn de oversikt over fond og tilskotsordningar kor ein kan søkje om stønad til ulike prosjekt. Sida er under utarbeiding og vil bli oppdatert.

Namn

Søknadsfrist

Kort om ordninga og kven som kan søkje

Gjensidigestiftelsen

Opne utlysingar

Gjensidigestiftelsen gir støtte til samfunnsnyttige formål innenfor områdene trygghet og helse. Målet er at flest mulig skal leve gode liv i et trygt samfunn.

Vi har åpne utlysninger hvert år. Frivillige lag og foreninger, frivilligsentraler og interkommunale friluftsråd kan søke om støtte.

https://www.gjensidigestiftelsen.no/

Spelemidlar til ordinære idretts- og friluftsanlegg

15.01

Du kan søkje om tilskot til etablering og rehabilitering av mange ulike typar idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Søknadsordninga er delt inn i to hovudgrupper, ordinære anlegg, som er vanlege idrettsanlegg, og nærmiljøanlegg, som er mindre anlegg hovudsakleg for eigenorganisert fysisk aktivitet.

https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/anlegg/spelemidlar-til-anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/

Tilskot til friluftsaktivitet

01.02

Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar. Deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetane.

Frivillige lag og organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd kan søkje.

https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/friluftsliv/tilskot-til-friluftsaktivitet-kap.-1420-post-78/

Tilskot til friluftslivet ferdselsårer

15.02

Målet med ordninga plan for friluftslivets ferdselsårer er eit verkemedel for å identifisere, ivareta og utvikle stiar, turvegar, løyper og leder som er viktige og skal bli lett tilgjengeleg for alle. Dette skal gjerast ved å betre kunnskapsgrunnlaget, fremje planlegging av samanhengande nettverk av friluftslivets ferdselsårer (turvegar, turstiar, turløyper og led) i kommunane, opparbeide og rehabilitere ferdselsårer i friluft, og skilting og merking av desse.

https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/friluftsliv/friluftslivets-ferdselsarer/

Tysnes idrettsråd

15.02

150 000 kroner fordeles av rådet sjølv. Kommunale midlar sett av i budsjettet

Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv

01.03

Tilskotsordninga for prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet skal stimulere til aktivitet, og sikre innbyggjarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv. Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv og stimulere til nettverk og samarbeid. 

Vestland fylkeskommune har spesiell merksemd på barn og ungdom, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet.

https://www.vestlandfylke.no/kultur/kunst--og-kulturutvikling/tilskot-til-prosjekt-og-tiltak--frivillig-kulturlivny-side/

Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

15.02

Prosjekt som gjer det enklare for barn og ungdom å vere aktive i lokalmiljøa der dei bur og veks opp. Tiltaka skal gje ny kompetanse og overføringsverdi til kommunar og organisasjonar. Tiltak med stor grad av medverknad blir prioriterte. Organisasjonar vert oppmoda til å samarbeide om tiltak på tvers av kommunane i fylket.

https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/fysisk-aktivitet/tilskot-til-lagterskel-fysisk-aktivitet-for-barn-og-ungdom/

Tilskot til verna kulturminne

15.03

Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone, vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. 

Kommunar i Vestland fylke og eigarar av regionalt verdifulle kulturminne registrert i kulturminnedatabasen Askeladden kan søkje ordninga.

https://www.vestlandfylke.no/kultur/kulturarv/tilskot-til-istandsetjing-av-verneverdige-kulturminne/

Allmenne kulturmidlar

01.04

100 000 kroner fordeles. Kommunale midlar sett av i budsjettet

Kulturmidlar til ungdomslaga

01.04

20 000 kroner fordeles. Kommunale midlar sett av i budsjettet

Kulturmidlar til song- og musikklag

01.04

160 000 fordeles. Kommunale midlar sett av i budsjettet

Tilskot til kulturbygg

30.04

Ordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift.

https://www.vestlandfylke.no/kultur/kunst--og-kulturutvikling/tilskot-til-kulturbygg/

Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv

01.09

Tilskotsordninga for prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet skal stimulere til aktivitet, og sikre innbyggjarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv. Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv og stimulere til nettverk og samarbeid. 

Vestland fylkeskommune har spesiell merksemd på barn og ungdom, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet.

https://www.vestlandfylke.no/kultur/kunst--og-kulturutvikling/tilskot-til-prosjekt-og-tiltak--frivillig-kulturlivny-side/

Momskompensasjon

01.09

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

https://lottstift.no/

SIM miljøfond

31.12

SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av.

Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar.

https://sim.as/miljofond/

 

 

Kontakt oss

Synnøve Bakke

Kulturkonsulent
977 48 005
synnove.bakke@tysnes.kommune.no

 

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal