Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Vasskran

Oppmoding om begrensa vassforbruk for vassabonnentar i Uggdal og Våge!

Tysnes kommune vil oppmoda om å begrensa vassforbruket til berre naudsynte føremål.

 

Det har vore ein lengre tørkeperiode, og me ser at denne vil fortsette ei stund til. Me ser samstundes nivået minkar på vasskjeldene våre og ein lyt derfor ikkje nytta unødvendig vatn, tildømes til hagevatning, bilvask og påfylling av basseng. Me gjer ein ny vurdering torsdag 10.06 om ein skal fortsette oppmodinga.