Opplæring til elevar med synsnedsetjingar

Elever med synsnedsetjingar har rett til opplæring i punktskrift/blindeskrift for at dei skal få same moglegheit som normalt sjåande til å utvikle seg og lære.

Elevane har òg rett til naudsynt opplæring i å ta seg fram på skulen, til og frå skulen og i heimemiljøet.

Tenesteomtale

Kommunen vil sørgje for at elevar med synsnedsetjingar får eit likeverdig opplæringstilbod i nærmiljøet sitt. Kommunen vil også sørgje for at foreldra får den nødvendige opplæringa i punktskrift/blindeskrift slik at dei kan følgje opp i heimen.
 
Eleven vil få alle dei vanlege undervisningstimane, i tillegg til opplæring i punktskrift og tekniske hjelpemiddel.
 
Eleven kan også få opplæring i dagliglivet sine aktivitetar. Dette blir i så fall ei eiga vurdering som skulen gjer i samarbeid med PP-tenesta.

Målgruppe

  • Foreldre/føresette med barn med synsnedsetjingar
  • Barn med synsnedsetjingar i skulepliktig alder

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt 
opplæringslova §§ 2-14 og 3-10
forskrift til opplæringslova §§ 1-1 og 1-3.

Forskrift til opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Før barnet begynner i fyrste klasse bør du som forelder/føresett ta kontakt med den framtidige skulen tidlegast mogeleg for å orientere om at, og når, barnet ditt skal begynne i 1. klasse. 
 
I samarbeid med PP-tenesta vil skulen gjere ei sakkunnig vurdering, og deretter fatte eit vedtak om opplæring i punktskrift.
 
Skulen kan også tilby opplæring i dagliglivet sine aktivitetar. Denne typen opplæring fell inn under reglane for spesialundervising. Det betyr at skulen vil fatte eit vedtak om spesialundervising i tillegg til opplæringa i punktskrift. Dersom barnet ditt får eit vedtak om spesialundervising, skal den også ha ein individuell opplæringsplan (IOP).

Høve til å klage

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir vedtaket Oppretthalden, blir saka send vidare til statsforvaltaren (for elevar i grunnskulen) og fylkeskommunen si klagenemnd (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tenesta oppdatert: 03.10.2022 14:35