Bål

Oppheving av totalforbod mot open eld

Grunna nedbør siste dagane går ein no over til ordinære bålreglar.

MELLOM 15.04 OG 15.09 ER DET FORBODE Å GJERA OPP ELD NÆR SKOG OG I ALL ANNAN UTMARK UTAN LØYVE FRÅ KOMMUNEN.

Frå 1. januar i år gjelder endra bålreglar jf. ny forskrift om brannforebygging.

Ein kvar plikter å utvisa aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføra brann.

Det er forbode å gjera  opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold at det kan føra til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før han er sløkt. Dette er reglar som gjeld heile året.

Søknad om løyve vert å senda til e post : torfinn.kongsvik@tysnes.kommune.no eller pr post til : Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal,  mrk/ Brannsjefen.

I søknaden må det gå fram kvar bålet skal vera, kven som er ansvarleg for at gjeldande regelverk vert følgt og kva tid bålet/sviinga skal gjennomførast. Kontaktinformasjonen til den ansvarlege må også gå fram av søknaden.

I periodar med særskilt stor brannfare kan kommunen innføra forbod mot å gjera opp eld i bestemte område utanfor tidsrommet 15.04 til 15.09. Det er likevel høve til å gjera opp eld der det openbart ikkje kan medføra brann.

« Å  gjere opp eld» omfattar meir enn bålbrenning. Det omfatter eksempelvis bruk av eingongsgrillar og andre bål og peisinnretningar. Oppsending av skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er også omfatta av begrepet.

Brannsjefen.