
Oppdatert informasjon frå Tysnes Kraftlag SA
Me har fått følgjande statusinformasjon om straumlause kundar på Tysnes:
"Me har framleis om lag 150 kundar liggjande ute hovudsakleg grunna at me har om lag 1,5 km med 22 kV linje som ligg nede framleis.
Dette er i ei ringkøyring på to plasser vi satsar på å få opp ein forsyningsveg i løpet av morgondagen.
Vidare har vi ein del enkeltfeil på LS som vi heller ikkje når å utbetra i løpet av dagen.
Mykje LS ligg delvis nede men er spenningsførande, vi prioriterer dei som ikkje har straum og fortrinnsvis eldre folk.
Samt at vi lyt prioriotera ein del vegkryss. I morgon reknar me og med at me får inn ekstra bemanning frå Fitjar Kraftlag.
Med helsing
Lars Enes
Elverksjef/dagleg leiar"
Om det er nokon som treng særskild hjelp, kan dei kontakta kommunen på midlertidig vakttelefon: 53437020