I arbeidet med forstudium for nytt symjebasseng, vart det gjennomført ein tilstandsanalyse av betongkonstruksjonen i Tysnes symjehall. På grunnlag av undersøkjinga vart opninga av symjehallen utsatt. 

Symjehallen plar opne etter haustferien - no er opninga utset til etter nyttår. 

Første analyse

Første analyse viste ein usikkerheit knytt til risiko for moglege svakheiter i konstruksjonen. I saker som omhandlar HMT ønskjer kommunen å vera «føre var», og opning av symjehallen er utsett fram til vidare undersøkingar og eventuelle tiltak er gjennomført. 

Sjå første rapport - basseng.pdf

Nye undersøkingar

Det er gjennomfør nye undersøkingar den 25.10.23, og rapporten er no klar. Under inspeksjonen vart det ikkje avdekt sterkt korrosjonsangrepet armering som bør vera erstatta med ny armering.

Rapporten seier av “Basert på funn og tilstand av armeringen etter at betongen ble pigget bort, vurderes det at sikker bruk av bassenget kan oppnås i noen år til etter at mekaniske reparasjoner av betongkonstruksjonen utføres.” og per no ser det ut til at bassenget kan opne etter nyttår."

Sjå heile rapporten etter underøkinga 25.10.23