Opning av kaien på heningen

Opning av industrikaien på Heningen

Ordføraren klypte i dag snora som markerar opninga av den nye industrikaien på Heningen. Dette er ein 45 meter lang djupvasskai som skal vera kaien i Tysnes for lasting og lossing av gods i Tysnes.

Denne kaien vil også vera tømmerkaien for alle i Tysnes.

Tysnes kommune kjem tilbake med meir informasjon om korleis kaien skal nyttast inkl. bestilling og prisar.

Kaien kan allereie no nyttast og ein skal i så tilfelle ta kontakt med Tysnes Næringspark