postsmolt

Omregulering av Alsaker brygge sør til offentleg ettersyn

Formannskapet vedtok 02.06.22 med heimel i §§ 12-10 og 12-3 i plan- og bygningslova å legga framlegg til omregulering av Alsaker brygge sør til offentleg ettersyn.

 

Frist

Frist for uttale 22 Juli.

 

Grunngjeving for vedtaket

Grunngjeving for vedtaket er at planforslaget legg til rette for ei heilskapleg utvikling av eit næringsområde, der området har stor eignaheit til føremålet, god tilgjengelegheit til sjø og annan viktig infrastruktur og vil vere ein fornuftig bruk av areal i forhold til samlokalisering til eksisterande anlegg og kontorfasilitetar.

Det vert regulert for eit større næringsføremål til bruk for sjøretta næringar; industri, lager, havbruk, kontor og kai. Bakgrunn for arealet er behov knytt til etablering av postsmoltanlegg der all produksjon vil skje i innebygde hallar med tradisjonelle ytre former.

Dette vert realisert ved å utvide næringsføremål på land og i sjø mot Elsåkervågen og fylkesvegen, samt fase ut det meste av bustadføremåla langs fylkesvegen.

Det skal regulerast for grøntføremål i den sørlege delen av planområdet som ein buffer mellom andre føremål og næringsområdet. Storleik på planområdet er om lag 76.5 daa.

Føresegner.pdf

Notat Rådgivende Biologer.pdf

Plankart.pdf

Planomtale.pdf

Samla saksframstilling.pdf

Vurdering Skredfare.pdf


Merknad

Merknad til planframlegget kan sendast:

E-post: post@ tysnes.kommune.no

eller

Postadresse:

Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal