Ringjevikar og helgejobb
Vil du jobba med oss?
Her finn du kontaktinformasjon og kontaktskjema for høve til å jobbe som ringjevikar i helgestillingar og som støttekontakt.
Korleis søkja
Tysnes kommune bruker Jobbnorge til lysing av ledige stillingar, faste og mellombels.
Avtale som tilkallingsvikar vert som hovudregel ikkje lyst ut. Nokon helgestillingar kan vere ledig ved direkte kontakt.
Tilkallingsvikar
Fleire arbeidsplassar har trong for ringevikarar som kan jobbe ved kortare fråvær. Som ringevikar har du ikkje plikt til å ta vakter du får tilbod om, og arbeidsgjevar har ikkje plikt til å tilby vakter.
Helgestillingar
Innan helse, på arbeidsplasser med døgnkontinuerlig drift, har me behov for tilsette som kan jobbe helg. Helgestillingar vert som hovudregel lyst gjennom Jobbnorge.
Tilkallingsvikar i barnehage
Tysnesbarnehagane har behov for tilkallingsvikarar som kan dekka tilfeldig fråvær. Bruk kontaktskjema og meld din interesse, eller ta kontakt med einingsleiar barnehage for meir informasjon:
Wenche Fagerbakk, tlf 957 48 374 / wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no
Tilkallingsvikar i helse og omsorg
Innan helse og omsorg har me behov for tilkallingsvikarar som kan dekka tilfeldige fråvær. Det er positivt om du har helsefagleg kompetanse og/eller -erfaring. Det er viktig at du beherskar norsk munnleg og skriftleg godt.
Meld di interesse som tilkallingsvikar ved å legge inn søknad via Jobbnorge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med einingsleiarane for meir informasjon:
- Helga N. Boland, tlf. 951 76 846 / helga.n.boland@tysnes.kommune.no
- Margrete Klemmetsby, tlf 918 22 616 / margrete.klemmetsby@tysnes.kommune.no
Støttekontakt/fritidskontakt i Tysnes kommune
Er du ein vaksen innbyggjar i Tysnes kommune som har lyst til å hjelpa andre til ei meiningsfylt fritid? Trykk på lenkja for meir informasjon og for kontaktinformasjon.
Meir informasjon om å være støttekontakt
Sist oppdatert