Korleis søkja på ledige stillingar

Vil du jobba hos oss?

Vil du søkja på ein av dei ledige stillingane i Tysnes kommune? 

Merk følgjande:

  • Alle søkjarar vert oppmoda om å søkja gjennom rekrutteringssystemet vårt: jobbnorge.
  • Er du ein fyrstegongssøkjar, opprettar du brukarnamn og passord for å logga deg inn. Det er mogleg å søkja utan at du opprettar ein brukarkonto. Dersom du opprettar ein brukarkontor, vil du ha tilgong på det du har registrert og treng ikkje fylla ut alt på nytt om du skal søkja på ein anna stilling i Tysnes kommune.
  • Det er viktig at du legg ved attestar og vitnemål til søknaden din.
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli gjort kjent gjennom offentleg søkjarliste. Som søkjar har du tilgang til utvida søkjarliste via jobbnorge.

Treng du hjelp for å registrera søknaden din?

Under utfylling vil det vere nokre felt som må fyllast ut for å koma vidare i prosessen. Det vert gitt beskjed om kva informasjon som manglar, og du får ikkje trykkja deg vidare før denne er fylt ut.

Treng du hjelp? Kontakt Jobbnorge på telefon: 75 54 22 20

 

Lukka til!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?