Alle gravide skal få tilbodet om fosterdiagnostikk
Endringar i Bioteknologilova gjer at alle gravide skal få informasjon og tilbod om forsterdignostikk. Dette kjem i tillegg til rutineultralyd som alle får tilbod om i svangerskapsveke 18.
Ta kontakt tidleg i svangerskapet
For at du skal få tilbod om desse undersøkingane er det viktig at du tek kontakt med jordmortenesta eller legetenesta tidleg i svangerskapet.
Me ønskjer at gravide tek kontakt med jordmor eller fastlege i løpet av dei fyrste vekene, gjerne veke 5 – 8.
Tilvising frå jordmor
Jordmor eller lege skal gje informasjon og vegleiing, og kan tilvise til undersøkinga etter ønskje frå deg.
For innbyggarar i Tysnes kommune vert tilbodet gitt på Stord sjukehus.
Fosterdignositikk
Her finn du meir informasjon om fosterdiagnostikk (lenkje til helsenorge.no)
NIPT-test
NIPT-test er eit tilbod til alle gravide over 35 år. Testen vil gje informasjon om Trisomi 13, 18 og 21.
All undersøking er frivillig og gratis.