Invitasjon til informasjonsmøte om anbodskonkurranse for turistinformasjonen

Kommunen planlegg å lyse ut ein anbodskonkurranse for drift og utvikling av turistinformasjonen. I samband med dette inviterer vi til eit informasjonsmøte der vi vil presentere bakgrunn, målsetjingar og rammer for konkurransen.

Tid og stad

  • Dato: 11.12.2025
  • Klokkeslett: kl.14.00
  • Stad: Rådhuset, kommunestyresalen.

Agenda

  • Velkomst og kort orientering om kommunen si satsing på reiseliv
  • Presentasjon av korleis konkurransen moglegvis vil sjå ut: krav, kriterium og prosess
  • Praktisk informasjon om tidsplan og fristar
  • Spørsmål og dialog

Møtet er ope for alle interesserte aktørar innan reiseliv, kultur og næringsliv. Vi oppmodar særleg potensielle tilbydarar til å delta, slik at de får god innsikt i konkurransen og kan stille spørsmål direkte til kommunen.

Påmelding

Vi ber om påmelding innan 10.desember til silje.lunde@tysnes.kommune.no eller tlf: 482 17 576.

Vi ser fram til å møte dykk og til ein konstruktiv dialog om framtida for turistinformasjonen i vår kommune.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?