Lyden som reddar liv
Lyden frå røykvarslarar reddar liv, så lenge dei verkar. Byt batteri i røykvarslaren 1. desember, test den og minn dei du er glad i om å gjere det same.

Foto: Siv Kristin Hovland / Bergen Brannvesen
Slik held du røykvarslaren i orden
Ein røykvarslar treng nye batteri minst éin gong i året. Ved brann handlar det om minutt og sekund, og ein fungerande røykvarslar gir tidleg varsel slik at du kan kome deg ut i tide.
Alle bustader skal ha minst éin godkjend røykvarslar eller eit brannalarmanlegg. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje, og han skal kunne høyrast på alle soverom og opphaldsrom – også når dørene er lukka.
Slik testar du røykvarslaren
Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne i nokre sekund. Røykvarslaren skal då gje frå seg eit pip. Om han ikkje gjer det, må du byte batteriet og gjenta testen, eventuelt kjøpe ein ny varslar.
Du bør bytte røykvarslaren innan ti år. Dersom han gir frå seg korte pip, betyr det at batteriet er i ferd med å bli dårleg. Då må du skifte det med ein gong.
Hjelp andre
Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vere ei fin førjulsgåve. På røykvarslerdagen.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.
Sist oppdatert
Tysnes kommune