Barnehender som held ein bukett med prestekragar

Har du lyst til å bli besøksheim?

Barnevernstenesta søker ein trygg og omsorgsfull besøksheim.

Kven søker vi

Vi ser etter ein besøksheim for ei jente i barneskulealder.

Vi søker ein besøksheim med:

  • Tolmodige og trygge vaksne som er gode til å møte barns kjensler og behov for tryggleik.
  • Evne til å hjelpe barnet med kjensleregulering, og som toler at det kan ta litt tid å byggje tillit.
  • Eit trygt og føreseieleg kvardagsliv, gjerne med andre barn, men ikkje småbarn grunna behov for sosial stimulering.
  • Stabil livssituasjon og gode samarbeidsevner med barnevernstenesta.

Det er ønskeleg at de har erfaring frå arbeid med barn, men det viktigaste er tryggleik, omsorg og evne til å møte barnet der ho er. Besøksheimen må kunne samarbeide med barnevernstenesta og delta i nødvendig rettleiing.

Det er eit krav om politiattest i samsvar med barnevernlova § 12-11 (1).

Omfang

Besøksordninga vil vere annakvar eller tredje kvar helg, avhengig av barnet sitt behov. Det kan òg vere aktuelt med enkelte ettermiddagar eller feriedagar etter avtale. Barnevernstenesta dekkjer utgifter i samsvar med KS sine satsar Lenke til et annet nettsted. og gir opplæring og rettleiing.

Vurderer du å bli besøksheim?

Ønsker du meir informasjon, eller vurderer du å bli besøksheim?
Ta kontakt med barnevernstenesta for ein uforpliktande samtale.

Erik Hagebø, avdelingsleiar barnevern, mobil: 476 65 517.
Mailinn Helland Hagen, konsulent, mobil: 902 42 844.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?