
Har du framleis ikkje tatt vaksine?
Tysnes kommune held fram med vaksinasjonstilbodet – sjå korleis du kan få di dose.
Tysnes kommune tilbyr framleis vaksinar mot influensa, covid-19 og lungebetennelse. Nokre av dei kan du få ved å møte opp på legekontoret og trekkja kølapp, medan andre krev at du avtalar tid på førehand.
Risikogrupper og innbyggarar over 65 år er tilrådd å ta oppfriskingsdose mot influensa årleg, og pneumokokkvaksine mot lungebetennelse kvart sjette år.
Du finn meir informasjon om risikogrupper og anbefalte vaksinar på nettsidene til Folkehelseinstituttet. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Slik får du vaksine
Influensavaksine
- Møt opp på legekontoret på kvardagar mellom kl. 09.00–12.30 eller 13.00–15.00.
- Trekk kølapp ved ankomst.
Covidvaksine
- Ring legekontoret på telefon 53 43 70 80 for å avtale tidspunkt.
Pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse)
- Vaksinen krev resept frå lege.
- Har du vaksinen klar, kan du møte opp på legekontoret på kvardagar mellom kl. 09.00–12.30 eller 13.00–15.00.
- Personar fødde i 1960 får vaksinen til redusert pris gjennom det nye vaksinasjonsprogrammet for vaksne, og treng ikkje ordne resept på førehand.
- Trekk kølapp ved ankomst.
Gravide
- Kan få sett vaksine hos jordmor.
- Ta kontakt med jordmor for å avtale tid.
Eigenandel
Du betaler ein eigenandel når du tar vaksine. Dersom du vel å ta fleire vaksinar samstundes, vert eigenandelen per vaksine lågare.
Sjå prisar i tabellen under.
Type vaksinasjon | Eigenandel (kr) |
|---|---|
Sesonginfluensa | 300 |
Covid-19 | 110 |
Covid-19 samvaksinasjon | 85 |
Pneumokokksjukdom (lungebetennelse) | 110* /500 |
Pneumokokksjukdom samvaksinasjon | 85 |
*Det er berre personar som er fødde i 1960 som får redusert pris (kr 110) på pneumokokkvaksina gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet i år.
Sist oppdatert
Tysnes kommune