Folkehelseundersøkinga - 100.000 nordmenn har fått invitasjon på SMS
Torsdag 16. oktober sendte Folkehelseinstituttet (FHI) ei tekstmelding til 100 000 utvalde personar i Norge, med invitasjon til å delta i ei undersøking om folkehelse.

Denne nasjonale folkehelseundersøkinga skal gje Folkehelseinstituttet betre kunnskap om nordmenns helse og levevanar, og slik gje grunnlag for betre folkehelsearbeid og helsetenester.
Dei 100 000 som har fått SMS med invitasjon er trekte ut tilfeldig frå Folkeregisteret. Fordelinga skal sikra at heile landet er representerte i svara, i alle aldersgrupper frå 18 år og oppover.
Undersøkinga er laga som eit digitalt spørjeskjema, og tar kring 20 minutt å gå gjennom. Skjemaet er tilgjengeleg på fleire språk.
Les meir om folkehelseundersøkinga på FHI.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
Tysnes kommune