Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til å byggje eit idrettsanlegg eller eit uteområde berekna for fysisk aktivitet.
De kan søkje om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet som er opne for ålmenn idrettsleg verksemd, og som ikkje er underlagd fortenestebaserte eigarformer.
Ein kan søkje om tilskot i to kategoriar:
- Ordinære anlegg: Tilskot på inntil 1/3 av godkjend kostnad. Maks tilskot varier med anleggstype.
- Nærmiljøanlegg: Tilskot på inntil 50% av godkjend kostnad med ein øvre ramme på kr 400 000.
Om søknadsprosessen
Alle som søkjer må setje seg inn i føresegna for ordninga. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Før ein kan søkje må ein ta kontakt med kommunen for å registrert anlegget i Anleggsregisteret.
Fristar og sakshandsaming
Søknadsfristen er 1.november 2025.
Søknadane vert først handsama politisk i Tysnes kommune som prioriterer søknadane.
Søknadane blir oversendt til Vestland fylkeskommune for vidare handsaming 15.01.2026. Endeleg svar på søknaden kan påreknast i midten av juli 2026.
Sist oppdatert
Tysnes kommune