
Vaksinasjonsdatoar kjem - når vaksinane gjer det
Mange ventar på dato for vaksinering, men vaksinane er førebels ikkje komne. Me håpar å vaksinere i slutten av veke 43, men tidspunkt er enno ikkje fastsett. Me vil informere så snart konkrete datoar er klare.
Risikogrupper og innbyggarar over 65 år er tilrådd oppfriskingsdose mot influensavaksine årleg, og pneumokokkvaksine mot lungebetennelse kvart sjette år.
Frå 1. juni 2025 gjeld eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne som omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, samt yngre personar i risikogrupper definert av Folkehelseinstituttet (FHI).
Vaksinasjonstilbodet inneber:
- Årleg vaksine mot sesonginfluensa
- Årleg vaksine mot covid-19 (Koronavaksine)
- Pneumokokkvaksine til dei som fyller 65 år i år.
Målet med vaksinasjonsprogrammet er å førebyggje sjukdom og dødsfall, og dei som ikkje har nytta seg av tilbodet, vil få påminningar.
Eigenandel og meir informasjon
Det vert betalt ein eigenandel per vaksine. Dersom du tek fleire vaksinar blir eigandelen per vaksine lågare.
Følg med på oppdatert informasjon om vaksinasjonsdagar og praktiske detaljar som kjem i løpet av oktober.
Sist oppdatert
Tysnes kommune