Opning av ny aktivitetspark ved dagsturhytta Miklastofa

Søndag 24. august vart den kommunale aktivitetsparken ved Kyrkjevatnet offisielt opna. Samstundes feira Tysnes Turlag sitt femårsjubileum.

Opning av aktivitetspark ved dagsturhytta

Jubileumsfering og lokal aktivitetspresentasjon

Opninga vart markert med aktivitetar og leik. Det vart òg framført vandreteater som ein del av programmet. Tysnes Turlag feira samstundes sitt femårsjubileum, og hadde laga til ei flott markering ved dagsturhytta.

I tillegg synte lokale lag og organisasjonar fram mangfaldet av aktivitetar på Tysnes, og gav dei frammøtte høve til å bli betre kjent med det rike frivillige engasjementet i kommunen.

Under arrangementet vart det òg markert at Tysnes kommune er kåra til beste friluftslivskommune i Vestland, og har fått ein sterk tredjeplass nasjonalt i rangeringa for 2025.

Brei støtte og lokal dugnad bak ny aktivitetspark

Aktivitetsparken er sett opp av kommunen og inneheld noko for alle aldrar. Prosjektet er finansiert med støtte frå BKK, Tysnes Kraftlag og spelemidlar.

Uggdal bygdelag har lagt ned mange dugnadstimar i arbeidet med parken.
Under opninga fekk Rasmus Atle Dalen overrekt blome av ordførar Synnøve Bakke, som takk for innsatsen på vegner av bygdelaget.

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?