Kven bør få den første kulturprisen til Vestland fylkeskommune?

Prisen er på 50 000 kr og kan gå til ein person eller ein organisasjon som har utmerkt seg i kunst- og kulturlivet i fylket.

Bilde av fliser

Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Fristen for å nominere kandidatar til den nye prisen er 15. september. Alle som vil, kan enkelt føreslå kandidatar til kulturprisen på nettsida til Vestland fylkeskommune. Alle nominasjonar må grunngjevast, og det går ikkje an å nominere seg sjølv.

Kulturinnsats utover det vanlege

Kulturprisen kan gå til ein person, eit lag eller ein organisasjon, som har bidrege til å syne fram Vestland som ein leiande kulturregion. Den eller dei som får prisen må ha vist ein kulturinnsats utover det vanlege, som har hatt betydning for heile eller ein større del av fylket.

Prisvinnaren må vere nokon som syner kreativitet og evne til nyskaping og/eller nokon som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på og formidle kulturarven.

Utdeling i desember

Kulturprisen blir delt ut på fylkestinget i Bergen 9. og 10. desember.

Les meir om prisen og korleis du nominerer kandidatar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?