Er du eigar av ein gammal
bruksbygning ved sjøen?

Naust i Hallgjerdsvika

Foto: Anna Tveit

KIK Sunnhordland inviterer eigarar av kulturhistoriske sjøbruksbygningar til å bli med i eit nytt nettverk som skal styrka bevaring og ny bruk av bygga langs kysten.

KIK Sunnhordland er eit regionalt samarbeid for kulturminnevern og bygningsvern. Gjennom prosjektet «Kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland», som har fått vidare støtte frå Riksantikvaren, får eigarar tilbod om rådgjeving, synfaringar og hjelp til å orientera seg i regelverk og tilskotsordningar.

Målet er å gje bygningane nytt liv som ressursar for lokal verdiskaping, samtidig som ein tek vare på dei kulturhistoriske verdiane.

Du kan lese meir om prosjektet og korleis du kan bli med her pdf, 67 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?