Kurs om habitattiltak i anadrome vassdrag 2025

Illustrasjonsbilete. Foto: Sveinung Klyve
Har du eit anadromt vassdrag i nærområdet ditt som du ønskjer å betre for fisken? Då er dette kurset om habitattiltak i vassdrag det rette for deg.
Anadrome vassdrag er elvar eller elvenettverk der fisk som laks og sjøaure vandrar opp frå havet for å gyte. Desse vassdraga er viktige for å sikre livskraftige bestandar av villfisk.
Kartlegging, kunnskapsdeling og samarbeid
Vestland fylkeskommune har gjennom sine ni vassområde kartlagt mange av dei viktigaste anadrome elvane i fylket, med støtte frå Miljødirektoratet og Statsforvaltaren. Målet er å gjennomføre habitattiltaka som er foreslått i rapportane.
For å lukkast med dette må kunnskapen om arbeidet styrkjast hos lokale fiskar- og grunneigarlag. I 2024 vart det gjennomført tre kurs i fylket med gode tilbakemeldingar. I 2025 blir det arrangert to nye kurs – eitt i Alver kommune og eitt i Stord kommune.
Kursa er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, NJFF Hordaland, Stordøy Jeger- og Fiskeforbund, Mjåtveitelvens foreining og vassområda Nordhordland og Sunnhordland.
Les meir og meld deg på
Du finn meir informasjon om kursa på Norges Jeger- og Fiskerforbund sine nettsider Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert