misak

Ny versjon av misak.no (elektronisk innbyggjarforslag) tilpassa bruk på mobiltelefon

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har no lansert ein ny versjon av misak.no som er nettportalen for innbyggjarforslag slik den er omtala i § 39a i kommunelova. Misak.no gjer det mogleg for innbyggjarane å fremmja innbyggjarforslag elektronisk.

Den nye versjonen av misak.no er tilpassa bruk på mobiltelefon. Den har og fått eit meir moderne uttrykk.

Nettadressa vil framleis vere: www.minsak.no eller www.misak.no

KMD ynskjer med portalen å bidra til eit betre lokaldemokrati, og styrkje innbyggjaren sine moglegheiter til å komme fram med saker i lokalsamfunnet som dei meinar kommunen eller fylkeskommunen bør ta fatt i.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner uttalar i pressemeldinga:

- Det er viktig at innbyggjarane blir gitt høve til å involvere seg i små og store politiske saker i kommunen sin. Og kommunen bør leggje til rette for det. Gjennom å introdusere ein mobilversjon av misak.no vil vi gi vårt bidrag til å gjere det enklare for folk å kome med forslag til kommunen dei bur i. Det er bra for lokaldemokratiet.