Telefon

Ny sentralbordløysing på rådhuset frå og med 20. september

Tysnes kommune skal gå over til mobilt sentralbord, og alle fasttelefonar på rådhuset vert difor byta ut med mobiltelefonar. Dette skjer fredag 20. september.

 

Telefonlista til dei tilsette her på heimesida vert oppdatert fortløpande. Hovudnummeret til sentralbordet, tlf. 53 43 70 00, samt legekontoret tlf. 53 43 70 80, vert ikkje endra.